Framsida
Interiør
VARMEPROBLEM
Riksmål English

Sol


Problem

Det blir for heitt i kupéen.


   Pass fyrst og fremst på at denne klaffen kann opna seg heilt, slik at du fær inn tilstrekkeleg med friskluft. (Mange køyrer rundt med denne låst i halvopen stilling utan å vita det, og so klagar dei yver at CX'en hev so dårleg ventilasjons- anlegg… :(


   CX'en kann bli svært heit inni sumars­tid om utetemperaturen er høg. Dette skuldast hovudsakeleg store glasflater, og at det kjem varme inn gjennom torpedo­vegg og golv.
   So det kann vera lurt å varme / lydisolera torpedo­veggen og golvet godt; kupéen vil jo då ogso halda betre på varmen vinterstid. Og du kann legga 8mm brannsikker filt inni taket, og på Berline ogso lima det same på veggen millom bagasjerommet og kupéen. Når det gjeld glas­flatene kann du ha vindaugs­sokkar på rutene i bakdørene, og på Berline kann du ha rullegardin i bakruta.


Oppstart i gloheit bil

  • Når du skal inn i ein forferdeleg heit bil er det best å setja opp alle dørene nokre minuttar fyrst; på Breaken ogso bakluka.
  • Medan du luftar ut kann du skru på tenningen (på dieselbil må du vri nykkelen litt mot klokka att slik at glødingen blir kopla ut) og setja kupévifta på fullt. På den måten fær du vekk den gloheite lufti inni ventilasjonsanlegget, slik at det blæs ikkje fullt so heit luft når du byrjar køyra.
  • Dersom rattet og gearknotten fortsatt er gloheite kann du bruka hanskar.
  • Ha golvmattene (og evt. nakkestyttene) liggjande i frysen (i ein plastsekk). Då vil dei fungera som kjøleelement når du startar turen.


Parkering i solsteiken

  • Parker i skuggen når du kann. Men hugs at skuggen flytter på seg, slik at når du kjem attende til bilen står han kanskje i soli (um du hev feilberekna;).
  • Må du parkera i solsteiken set du bilen slik at Soli er i området millom klokka 3 og 6.
  • Du kann dekka frontruta, eller evt. alle rutene med varmereflekterande matter.
  • Ta ned alle solskjermane (dersom du ikkje hev dekka til rutene).
  • Du kann ta alle ruterne litt ned slik at det blir ei glipe på ca. ein halv cm. (Ikkje på støvete plassar når det blæs.)
  • NB! Etterlat aldri born eller dyr i ein parkert bil, ikkje eingong i kort tid!

   På ein gloheit sumardag er det stor skildnad på å starta i ein bil som hev stande i ein kjøleg garasje, og i ein som hev stande i solsteiken. Båe vil halda lenge på den temperaturen dei hadde i utgangspunktet, avdi alle flatene inni kupéen vil gje frå seg kjøld / hete. (Du kann tenka deg det som du legg ein isbit eller ei glo i ein liten thermobag og let honum vera open. Dei vil bestemma lufttemperaturen i bagen lenge, sjølv om lufti i bagen stendig blir skifta ut.)


   Solcelledrivi vifte til å hekta på innsida av ruta. Denne skal i teorien fjerna varmluft frå kupéen når bilen stend parkert i soli, men fungerer nok heller meir som ventilasjon, slik at det blir litt friskare luft i kupéen. Ho reduserer ikkje varmen merkbart.
   På Breaken som hev so stort innerom kann du godt hekta på tvo vifter.
   Hugs på at det blir enklare å bryta seg inn i bilen med ei slik vifte montert, avdi det er glipe på ruta.
   Eit mykje betre alternativ kann vera å montera ein eller tvo sol­celledrivne batteri­ladarar frampå dashboardet og kopla deim til kupévifta via eit venderelé. (Vifta fær då straum frå batteriet / dynamoen når tenningen er på, og frå batteriladarane når tenningen er av.)
   Hugs at det ikkje er lurt å suga luft inn i bilen dersom ho inneheld røyk eller støv.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional