Framsida
Interiør
INNETAK
Riksmål English


Problem

Innetaket har byrja losna.

Innetaket

På Berline må det ut gjennom eine bakdøri. (På Break kann innetaket enkelt takast ut gjennom bakluka, men her er det sjeldan problem med taket.)

Riv av det gamle og skrap vekk skumgummien med stålbyrste.
Lim på nytt med lim som ikkje luktar, t.d. 3M spraylim. Kontaktlim er ikkje å anbefala. Golvlim skal ogso kunna brukast. Ikkje bruk for mykje lim, slik at det trekker gjennum. Legg plastposar med vatn i uppå fordjupningane for å få jamnt press. (Bruk tvo posar inni kvarandre for å vera sikker på å unngå lekkasje.)

Fyrr du monterer taket att bør du vurdera um du skal leggja upp meir leidningar (leselampar for baksetepassasjerane, høgtalarar etc.). Sameleis um du vil lydisolera. Tunne asfaltplater kann brukast, men pass på å festa deim godt, og ver merksam på at dei kan gjeva frå seg lukt når bilen stend i solsteiken. Du kann ogso leggja eit lag med åtte mm brandsikker filt; dette vil gjera bilen mindre varm um sumaren, og kanskje lydisolera litt ogso.


Til nytt innetak kann du bruka so mangt, men det må ikkje vera brandfarleg. Tjukt ullteppe kann vera bra.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional