Framsida
Eksteriør
HJULPROBLEM
Riksmål English

Problem 1

Du balar med å få på framhjulerne.

Dersom dei tvo småboltarne som skal halda bremseskiva på plass er vekke (knekte) kann det vera vanskeleg å få i hjulboltarne. Bremseskiva er då laus, og sjølv um du vrir henne i korrekt stilling er det fort å vrida på henne når du set på hjuli, slik at det blir uråd å få i boltarne.

Du kann då gjera fylgjande:

  1. Vrid bremseskiva i stilling.
  2. Set i ein hjulbolt fyr stålfelg.
  3. Stramm handbremserne.
  4. Tak ut hjulbolten.
  5. Set på hjuli.

Problem 2

Du balar med å få på hjulerne som hev lettmetallfelgar.

Tak av det vetle loket i midten på felgen.

Problem 3

Du fær fæle ulydar og smelling frå framhjulerne etter å ha fenge nye dekk på lettmetallfelgarne.

Dette kann skuldast at den som hev sett på dei nye dekki hev montert balanselodd på innsida av felgen, slik at handbremsevaierane skrapar burti loddi.
Du må då gjera fylgjande: Drag upp handtaket fyr handbremserne akkurat so mykje at ulydarne blir vekke, og køyr til ein plass der det går an å parkera. Tak av framhjulerne og fjern loddi. Eller dersom enden av handbremsevaieren skrapar burti felgen, må du saga av enden (du hev vel ei baufil liggjande i bilen?).

Få balansert upp att hjulerne, men no med lodd berre på utsida, eller litt lenger inn på felgen.
Kontroller at handbremserne ikkje er skada.

Vaierende
Enden av handbremsevaieren.

Her ser me at enden av handbremsevaieren hev skrapa burti felgen.

Problem 4

Det segjer klakk-klakk-klakk frå ei av hjulerne.

Dette kann skuldast at hjuli held på å detta av.

  1. Sakk farten.
  2. Stogg so snøgt du kann.
  3. Etterstramm hjulboltarne på samtlege hjuler.

• Pass på at du hev sett i rette hjulboltar; boltarne til stålfelgar og aluminiumsfelgar er vanlegvis ulikt lange.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional