Framsida
Eksteriør
BAKLUKE
Riksmål English

Gassfjør Her er enden som er festa til bilen. Det er eit svart plastlok uppå, som berre er å draga rett av.

Gassfjør Her er enden som er festa til bakluka.

Gassfjør

Skifting av gassfjører


Ny gassfjør + det gamle festet

Få nokon til å halda luka medan du demonterer gassfjørene, eller lat henne henga etter ei snor som du festar uppi taket, um du hev bilen innandørs.

For å få ut metallbøylen som held kula på plass i haldaren:
Ringen skal visstnok vridast til side og so dragast ut av det vesle holet som tråden går inn i.
Men du finn snart ut at dette ikkje går, og endar upp med å bryta upp heile greia.

Ny gassfjør + nytt feste

Dersom du skal montera nytt feste, er det berre å skru dette på plass, hava i grease, setja kula inni og lata att bakluka. Då blir kula pressa på plass av seg sjølv.
(Det kann ogso vera at dette er måten å få kula ut på; skyva bakluka vidare uppyver når det står ope, men dette hev eg ikkje prøvd.)

Det enklaste vil nok uansett vera å kjøpa både ny gassfjør og nytt feste når du skal byta.

Gassfjør Er du heldig, klarar du å få kula ut utan at for mykje blir øydelagt.

Gassfjør Eller du endar upp slik...

Gassfjør Metallbøylen som var inni går det an å hekta i på denne måten, det kann vera nok til å låsa kula.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional