Framsida
Bremser
HANDBREMSER
Riksmål English

• Handbremsene fungerer på framhjulene.

• Stramming/justering skjer på caliperane.

Handbremsene

  Det er sagt mykje negativt om handbremsene (ja, der er faktisk tvo;) på CX'en, og alt feil. So lenge du syter for korrekt vedlikehald, finn du ikkje meir effektive handbremser på nokon bil. Sjå t.d. kva Autocar skreiv i 1978:
  The remarkably effective handbrake operates on the front wheels. It managed an almost unbeatable 0.42g deceleration and easily held the CX Pallas C-Matic on a 1 in 3 slope, from which a restart could be made with contemptuous ease.
  Og hugs at handbremsene ogso skal fungera som naudbremser.

  Handbremsene må strammast og smỳrjast ofte. Minimum kvar vår og haust, elles endar du upp med tvo ubevegelege rusthaugar. Det er ogso viktigt å bruka deim av og til.





1Handbrake lever
2Control lever
3Spacer
4Adjustmnt screw
5Contact switch
6Capscrew
7Capscrew
8Plain washer
9Hexagonal nut

        
Handbrems
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX




1Handbrake cable
2Handbrake lever
3Set 4 brake pad (bremseklossar)
4Hdbrk equalizer
5Cable ring
6Hndbrk spindle
7Hndbrk spindle
8Pin
9Return spring
10Cup

           
Handbrems
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX



11Eccentric
12Handbrak spacer
13Lever stop
14Cable guide
15Cable guide
16Adjust collar
17Capscrew
18Washer
19Plain washer
20Plain washer
21Plain washer

Stramming / justering

Er bremseskivene byrja bli tunne, vil det vera vanskeleg å få handbremsene stramme nok. Skift i sofall til nye bremseskiver. (Bremseskivene skal vera minimum 18 mm tjukke.)

Hjulboltar NB! Bremseskiva må låsast fast med tri hjulboltar. Dersom du brukar boltar til aluminiumsfelgar: tre innpå 13mm tjukke mutterar.

Til justering av 4x11 kann du bruka eit stort flatt skruejarn eller ei firkantsyl der tuppen er filt vekk. Eller laga deg spesialverktøy av 4,5mm tjukt metall:

Spesialverkty


Deler   Justering
Teikningane er lånt frå servicemanualen til Citroën CX     
  1. Jekk opp fronten på bilen, set honum på bukkar, ta av framhjulene og set gearspaken i fri.
  2. Handbremsene må vera av.
  3. Skru av låsemuttaren og justeringsmuttaren på vaieren på båe sider (tvo stk 11mm fastnyklar + liten skiftenykkel el.l. til å halda fast enden på vaieren).
  4. Løys 4x17 (17mm).
  5. Juster 4x11 (med klokka sett bakfrå) og stram 4x17, fyrst på utsida, deretter på innsida . (4x11 skal strammast/vridast akkurat so mykje at du lett klarar å vri rundt bremseskiva med hendene med litt motstand. Pass på å ikkje ta innpå bremseskiva, hald mot kantane.)
  6. Vipp opp loket attmed gasspedalen. Juster vaierane med justeringsmuttarane slik at kraftfordelaren attmed gasspedalen ikkje blir ståande på skeive. Set på låsemuttarane.
  7. Kontroller at du kann vri bremseskivene rundt med hendene, og at dei (bremseskivene;) er heilt reine.

På lettmetallfelgar kann det skje at enden på vaieren skrapar borti felgen. I sofall kann du prøva å korta inn den vetle stillskruen litt (tvo stk 8mm fastnyklar) og justera på nytt. Går ikkje det heller, kann du dra utor vaieren og tre på nokre stoppskiver, eller ein muttar el.l.


Dersom du ikkje får av låsemuttaren og justeringsmuttaren, må du skifta vaierane.

Stram 4x17 7.5 mdaN (75 Nm). Stram låsemuttaren 1.5 mdaN (15 Nm).


Ha grease på vaieren og trekk ein plaststrympe innpå slik at han blir liggjande under bøylen.


Skifting av handbremsevaier


Du må skifta handbremsevaierane um dei strekkjer seg, ryk av eller du ikkje får av låsemuttaren og justeringsmuttaren.

Inni bilen tek du av dekselet til høgre for gasspedalen. Demonter vaierane og fest ein leidning i enden av kvar vaier, og bruk leidningane til å dra inn dei nye vaierane.


Den kortaste vaieren skal vera på vinstre sida.


Problem

Varsellampen for påsett handbremse lyser når han ikkje skal.


Brytar

Dette skuldast vanlegvis at brytaren (5) ikkje blir klemt langt nok ned. Klypp til og set på ein filtbit (berekna på å setjast under stolføter).


Vinter og frost                                      


Om vinteren bør du unngå å ha på handbremsene yver lenger tid, i tilfelle dei skulle frysa fast. Parker flatt (på tvert i bakke), og ha bilen i revers eller i fyrste gear. Slepp deretter bremsepedalen, og vent til bilen hev roa seg (vil kanskje trilla litt framyver eller bakyver) fyrr du sler av motoren og slepper opp clutchen.

Dersom du ikkje kann parkera på tvert i ein bakke, må du vri framhjulene inn mot kanten: Legg rattet heilt yver, og hald det der medan du sler av motoren og tek ut nykkelen. Lat so rattet gli varsamt attende til rattlåsen sler inn. Når du set på tenningen att, er det viktig å vri/lirka litt på rattet slik at du ikkje bryt av nykkelen.


• Lat bilen stå i fyrste gear i nedyverbakke, og i revers i uppyverbakke.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional