Framsida
Diverse
AUTOMOBILES CITROËN
Riksmål English

Automobiles Citroën — 1 2 3 4 5 6







André Citroën

— fyre bilproduksjonen



1878

Paris: Lévie Citroën frå Nederland og Macha Kleinan frå Polen fær sonen André Gustave Citroën. Han veks upp i familie­bedrifti som handlar med diamantar, og hev det bra romsleg, økonomisk sett.



1902

Citroën startar saman med tvo skulekameratar fabrikasjon av spesielle tannhjul. Han kjøpte patentet i Polen ein gong han var på vitjing hjå systeri der. Firmaet fær seinare (i 1912) namnet Société Anonyme des Engrenages Citroën, og gjer det godt, med sal til tungindustri yver heile Europa.
Citroën-emblemet består av tvo tenner frå eit slikt tannhjul.



1906

Dette året vert Citroën konsulent på bilfabrikken Mors. Seinare (i 1908) blir han styreformann og greider i laupet av ein tiårsperiode å få til ein betydeleg auke av produksjonen. Men det blir likavel aldri som i fabrikken sine glansdagar.



1913

Citroën vitjar Ford-fabrikken i Dearborn.



1914

Tvo månader fyrr krigen gifter Citroën seg med Georgina Bingen.
Fyrste verdskrigen bryt ut, og Citroën byggjer ein bombe­fabrikk som produserer like mange granatar som alle dei andre bombefabrikkane i Paris til saman.








KJELDER • Citroen.com—History • Jon Pressnell: Citroën DS • Brighton-early.com—Mors



Opp Valid XHTML 1.0 Transitional