Framsida
Diverse
PARKERING
Riksmål

Parkering

   SJØLV OM CX'en er lang, er han utruleg lett å parkera.
   Av-di: han er veldig lett på rattet, og du treng berre vri litt yver éin umdreining for å leggja hjulene heilt yver.  Og: når du slepper rattet, gjeng han beint framyver/bakyver.
   Når du hev parkert CX'en vil alltid framhjulene peika rett framyver.  So vakkert at :)
   Men skal du parkera i ein bratt bakke kann det kanskje vera lurt å vri hjulene inn mot kanten.  I sofall: legg rattet heilt yver, og hald det der medan du sløkker motoren og tek ut nykkelen.  Lat so rattet gli forsiktig attende til rattlåsen sler inn.
   Når du set på tenningen att, er det viktig å vri/lirka litt på rattet slik at du ikkje bryt av nykkelen.
   Ha alltid i bakhovudet at bilen sig ned når han stend parkert.  Pass difor på at det ikkje er nokot på bakken under bilen som kann taka uppi.  Og ikkje parker med front eller bakende inn yver høge fortògskantar.
   Hev du dyr i nabolaget som likar å leggja seg til å sova under bilar, kann det kanskje vera lurt å sleppa CX'en ned når du parkerer.  Men hugs å stilla attende til normalhøgd etter at du hev teke ut nykkelen.


• Du bør alltid rygga deg på plass når du parkerar, spesielt på plassar der bilane står som «sild i tønne». Då blir det mykje lettare å koma seg derifrå att utan å koma borti fotgjengarar eller andre bilar.
• Pass på å ikkje slå borti andre bilar med dørar og baklok.
• Når det er glatt: Ikkje parker slik at bilen din kann gli inn i andre bilar, eller at andre bilar kann gli inn i din.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional