Framsida
Diverse
LJODISOLERING
Riksmål

Ljodisolering

  LJODISOLERING kann utførast på mange måtar.

  Du kann t.d. leggja vanleg veggtilveggteppe (av ull) uppå eksisterande golvteppe (ikkje under pedalane). Dette isolerer bra, både mot ljod og varme/kjøld. Men ta upp teppet av og til, og kontroller at det ikkje blir fuktig under.

  Elles kann du stua inn lyddempingsmatter på alle tenkelege og utenkelege plassar. Berre pass på at dei ikkje samlar fukt og fører til auka rustproblem, eller at det uppstår brannfare.
  Slike matter består vanlegvis av eit sjølvlimande ljodisoleringsmateriale med aluminiumsfolie på utsida. Mattene må limast saman i skøytane med aluminiumslimband.
  Vil du laga deg lyddempingsmatter sjølv, kann du bruka tri-fire lag gamalt ullteppe med vanleg aluminiumsfolie (utan papir) millom kvart lag. Sy saman langsetter kantane.

  Alle bråkete metallflater må dempast med asfaltplater. Kakk med knokane: seier det boing-boing betyr det at ljod gjeng rett gjennum. Lim på sopass mykje asfalt at det seier knakk-knakk.

  Greier du å få til ein verkeleg bra isoleringsjobb, vil du på fyrste køyreturane etterpå bli sitjande med ein følelse av at du hev fått nedsett høyrsel, eller fått dott i øyrene!





Opp Valid XHTML 1.0 Transitional