Framsida
Elektrisk
STARTKABLAR
Riksmål English


• Dersom startmotoren går veldig sakte rundt, eller ikkje går rundt i det heile, kann det vera at batteriet er flatt. Du kann i sofall prøva med startkablar.

• Dersom motoren ikkje startar, men startmotoren går i full fart, er batteriet i orden.

Rett bruk av startkablar

  1. Kopla den raude kabelen til pluss på båe batteri. (Forsiktig - ikkje støyt burti nokon av bilane med kontaktane.)
  2. Kopla den eine enden av den svarte kabelen til minus på batteriet på den eine bilen.
  3. Kopla den andre enden av den svarte kabelen til ein metalldel på motoren på den andre bilen, i god avstand frå batteriet.
  4. Start hjelpebilen og gjev gass, eller vent nokre minuttar.
  5. Start bilen med flatt batteri.
  6. Kopla den svarte kabelen frå motoren i den eine bilen.
  7. Kopla den svarte kabelen frå minuspolen på batteriet i den andre bilen.
  8. Kopla frå den raude kabelen.


   Startkablar finst i ulike kvalitetar.
   Dårlege kablar er alt for korte, alt for granne, og hev alt for svake klyper.
   Gode kablar er av «lastebiltypen». Dei er lange, grove og hev kraftige klyper. På dieselmotorar er desse dei einaste som fungerer.
   Lirk litt på kontaktane når du set deim på, for å få god kontakt.

Dårleg start


Kva skjer um du koplar den svarte kabelen til minus på batteriet under punkt tri?
— Jo, gneist og kanskje batterieksplosjon.

Dårleg start


Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional