Framsida
Diverse
LAGRING
Riksmål

Presenning

Ikkje slik...

Presenning

...men slik.

Lagring

  Skal du lagra ein CX er det best um han fær stå innandørs i eit turt lokale. Skal bilen lagrast ute bør han stå på ein presenning. Legg nokot under midten av presenningen slik at han blir lågast på kantane. Då vil han ikkje samla vatn. Set ein fuktsamlar inni bilen, og gjerne ogso ein muggdrepar.
  Heis CX'en upp i yverste stilling og set honom på bukkar, eller legg solide treklossar under jekkfesti. Treklossane bør vera utforma som føtene på gamle stabbur, slik at mysene ikkje greier å klatra upp. NB! Bukkane/klossane må vera HEILT jamnhøge (parallelle), slik at bilen ikkje vrir seg!
  Stapp ein klut gjennomtrekt av motorolje inn i luftinntaket til motoren, og sameleis ein inn i enden av eksosrøyri. (Desse må naturlegvis takast vekk når du med jamne millomrom startar bilen og let honom gå til viftene sler inn. Du bør ogso ta ein køyretur.)
  Pass på at du ikkje fær maur og onnor elende i bilen.
  Olje, frostvæske og hydraulikkvæske må bytast av og til sjølv om bilen ikkje er i bruk.
  Drivstofftanken bør vera heilt full. Dette er spesielt vigtig dersom du hev dieselmotor, og det må vera vinterdiesel (som ogso kann brukast um sumaren) dersom bilen skal lagrast kaldt.
  Vinterdiesel kann vara ei stund i heilt full tank og med kjøleg lagring. Men etter eit halvt til eitt års tid vil han kunna byrja tetta dieselfilteret ved køyring. So skal du lagra ein dieselbil svært lenge ville det kanskje vera lurt å tømma tanken fullstendig.
  Bensin kann vara i fleire år um tankloket er heilt tett og bilen blir oppbevart kjøleg. Bruk 98 oktan.


Stabbur

Treklossar

Treklosse type stabbur.



Opp Valid XHTML 1.0 Transitional