Framsida
Diverse
AUTOMOBILES CITROËN
Riksmål English

Automobiles Citroën — 1 2 3 4 5 6







Endeleg hydraulikk

— det duger ikkje utan



1954

15-Six (Traction Avant 15CV Six H) fær hydraulisk fjøring på bakhjulene, samt mjukare fjøring framme.



1955

DS 19. Alt fyrste dagen blir det bestilt 12.000 bilar, og forventa leveringstid ved dagens ende er kome upp i 15 månader. Det fyrste halvtanna året er det noko forferdeleg med barnesjukdomar, og for fabrikken upplevest det nærast som eit mareritt. Spesielt lekkasjar på det hydrauliske anlegget er eit stort problem, millom anna blir pakningar pressa på plass med skruejarn, og dermed øydelagde i det same dei blir sette i!



1957

ID19, ein enklare og rimelegare variant av DS19. Millom anna inkje hydraulisk assistanse på gearkassen, bremsene og styringi.
Etter 23 år blir produksjonen av Traction stoppa.



1958

DS19 Prestige, luksusmodell med glaserute millom fram- og bakseti.



1959

DS19 break og ID19 break, stasjonsvogner. I motsetning til seinare stasjonsvogner, er denne ganske spesiell og pen bak. Det er tvo bakluker, ei yvre og ei nedre. Og det er tillaga plass til tvo skilt, slik at den nedre kann vera opi under kjøyring! Praktisk ved transport av lange gjenstandar. Det er ogso tillaga tvo ekstra sitjeplassar, genialt nedfelt i golvet!
Diverre er det ikkje lok yver bakhjulene.



1960

DS19 Cabriolet.
2CV Sahara, 4-hjulstrekk med tvo motorar; ein framme og ein bak. Bensinfylling gjennom framdørene.



1961

Ami 6. Artig småbil med bakrute som skrånar innyver og merkeleg frontparti. Luftkjølt motor med tvo sylindrar, 602 cm³, 20 hk ved 4500 umdreiningar og toppfart på 105 km/t.



1962

DS19 fær nytt naseparti med minder luftmotstand.



1963

DS19 Pallas.
Ami 6 break. Tvo versjonar, Tourisme og Confort med fire eller fem sitjeplassar, og une commerciale.
Framdørene på 2CV blir hengsla framme i staden for bak.
Sikringsbelter kann no fengast på alle modellar.



1964

DS21.



1965

Den raude hydraulikkvæska blir erstatta av fargelaus syntetisk LHS-2.
Citroën kjøper Panhard.



1966

LHM (grøn hydraulikkvæske) erstattar LHS-2.





















2CV 2CV 2CV.



1967

Dyane. Luftkjølt motor med tvo sylinderar, 425 cm³, 21 hk ved 5500 umdreiningar og toppfart på 100 km/t.
DS og ID fær ny front, med glas framfyr lyktene (med svingbare langljos). (Mistenkeleg lik fronten på Panhard 24CT;)
DS DS DS.




1968

Citroën kjøper Maserati.
Dyane 6.
Méhari.
DS20 erstattar DS19, og ID20 erstattar ID19.



1969

Ami 8 erstattar Ami 6.
DS21. DS fær endeleg motor med futt (innsprøyting): effekten aukar frå 115 til 139 hestar. Men ogso eit mindre pent dashboard (med tri runde klokker) som ikkje passar bilen i det heile.
D Super erstattar ID20.



1970

GS. Verdens mest avanserte små/millomklassebil.
SM ser dagens ljos. Ein sportsleg Citroën med sekssylindra Maseratimotor. Eit vanvittigt (dyrt) påfunn som er med på å gjera ende på Michelin–Citroën-perioden. (Rettnok eit påfunn me slett ikkje vilde vore utan;)



1971

GS blir årets bil.



1972

DS23 erstattar DS21. Større motor: 124 hestar med forgassar, og 141 med innsprøyting. Høgdejusterbart førarsete. Omsider den ultimate DS (med undatak av dashboardet)!
SM fær elektronisk innsprøyting.



1973

Ami Super.
SM Automatic.
Samarbeidet millom Citroën og Maserati upphøyrer.









KJELDER • Citroen.com—History • Jon Pressnell: Citroën DS



Opp Valid XHTML 1.0 Transitional