Framsida
Interiør
BAKDØR
Riksmål English
Bakdør   Bakdør

Propp Propp Dra dei tvo proppane ut med neglene (ikkje bruk skruejarn el.l.). FORSIKTIG! Det er veldig lett å skada desse. (Sjå skrekkdømet t.v.) Skru ut skruane og tak av handtaket.

Drag ut låsehendelen.

Bakdør   Bakdør

Stikk inn eit flatt skruejarn, bend bøylen uppyver og drag ut hendelen.
Ikkje bend bøylen so langt uppyver at han dett av.

I tilfelle du hev sveiv for vindaugsheisen, tek du av denne på same måten.                                

Bakdør

Set limband på eit breitt flatt skruejarn (eller helst bruka ein avtrekkar) og bend forsiktig laus dørpanelet. Hekt det uppor og tak det av.

(Her ser me at dei kvite plastplatene er delvis lause.)

Tak av plastplatene og alle limbandbitane. Samt evt. plastclips som måtte henga att.                                

Bakdør   Bakdør

Set på plass att plastclipsi og foringane som måtte mangla.
Plastclipsi vrir du på plass med ei tong.                                                                

Bakdør

Reingjer med whitespirit og klistr på asfaltplater der dei raude pilene viser.
Bruk varmluftpistol for å få platene mjuke.

Set på nye skumplastplater der dei grøne pilene viser. Fest deim med dubbelsidigt limband på dørsida (inni).

Reingjer inni botnen av døri, og kontroller at dei tri dreneringsholi er opne.

Kontroller at leidningane er heile der dei gjeng gjennom døri og inn i dørstolpen.

Smyr og kontrollera dørlåsen. Smyr på godt med antirustolje (Owatrol eller motorsagkjedeolje) inni døri, spesielt nede. Bruk radiatorpensel med langt skaft.

Bakdør

Reingjer dørsida med whitespirit og klistr på att plastplatene og set limband over alle holi.
Fest leidningen med limband.

Hekt dørpanelet på plass att, kontroller at ALLE plastclipsi er kome inn i holi og klemm panelet på plass.

Monter hendlar og dørhandtak.
NB! NB! Ver SVÆRT varsam når du set i skruane til dørhandtaket, IKKJE press deim innyver! (Den lange skruen uppe, den korte nede.)



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional