Framsida
Hydraulikk
HØGDEKORREKTØRANE
Riksmål English

A

A-sida er motsett side av der du finn 3B.

  1. Ta av gummiloket.
  2. Skru av muttaren med 8mm fastnykkel.
  3. Ta av metalloket.
  4. Bend av metallkragen.
  5. Ta av gummimembranen.
  6. Ta av metalloket.
  7. Ta av fjøri.
  8. Vipp av låsesplinten.
  9. Ta av plastloket.

Du kjenner att A-sida på firkanten rundt det vetle holet (A).

Opning av høgdekorrektør

I smådeler

Det er lurt å leggja alle smådelene i rekkefylgje i ein slik boks, då kjem dei ikkje i uorden om du skumpar borti.
Reingjer godt med turkepapir. Blås gjennom dei små holi på kvar side med trykkluft.


B
  1. Ta av gummiloket.
  2. Skru av muttaren med 8 mm fastnykkel medan du held fast 3B med 10mm fastnykkel. Dersom muttaren er vanskeleg å få laus, kann du setja 10mm-fastnykkelen i ei tvinge.
  3. Ta av 3B.
  4. Ta av stoppskiva.
  5. Ta av metalloket.
  6. Bend av metallkragen.
  7. Ta av gummimembranen.
  8. Ta av metalloket.
  9. Ta av fjøri.
  10. Trekk ut 10B.



Opp Valid XHTML 1.0 Transitional