Attende
Hydraulikk
SKIFTING
Riksmål English



Filter Plastplata, dei tvo filteri og tanken.

Filter Blekkspruten.
Pili viser inntaket til fødeslangen.



Tips

• Tøm den brukte hydraulikkveska opp i ein stor plastbehaldar (10-liters målingspann el.l.) og hiv oppi metallgjenstandar du ikkje vil skal liggja og rusta. Til dømes reserve hydraulikkpumpe.
Skriv kva du hev hatt oppi på loket.

• Ikkje kjøp LHM på bensinstasjonar. (Vansinnige prisar; oppimot kr 170,- for literen! Undersøk heller prisane hjå t.d. Classic Parts: du vil bli behageleg overraska;)

Skifting av hydraulikkvæske

Skift hydraulikkveske kvar 60.000 km, og når du hev kjøpt deg ny CX.

Set bilen på lågaste nivå og løys lufteskruen. Pump bremsepedalen til trykket blir vekke. Ta ut reservehjuli. Ta av festebøylen på behaldaren. Lyft oppor blekkspruten og dra utor dei tvo leidningane. Lyft ut behaldaren. Tøm ut hydraulikkveska. NB! Skarp kant på behaldaren!

Fjern dei tvo filteri frå blekkspruten og ta ut plastplata i botnen av behaldaren. Reingjer behaldaren, plastplata og båe filteri med bensin. Reingjer blekkspruten. Blås deretter turt med trykkluft.

Monter båe filteri (det runde vridast på plass med eit knepp) og set på plass att tanken (pass på at gummien han står på ikkje hev skrikla seg). Fyll på LHM. Fyll opp fødeslangen (pil) til hydraulikkpumpa med LHM. Set på att dei tvo leidningane og set blekkspruten FORSIKTIG men fort oppi tanken slik at fødeslangen ikkje tømmer seg; pass på at det halvrunde filteret ikkje dett av eller forskyv seg. Set på festebøylen.

Set bilen i normalhøgde og stram lufteskruen. Start motoren og sjå at bilen hevar seg. Set bilen i nedste stilling og stopp motoren. Opna lufteskruen. Start og lat motoren gå 5-10 minuttar på tomgang for å få vekk luftboblar.

Stram lufteskruen og heis bilen opp og ned nokre gonger. Kontroller
LHM-nivået. Med bilen i høgaste stillingen skal den gule markøren vera millom dei tvo raude streki.

Luft bremsene til det kjem ut rein LHM utan luftboblar.

Etterfyll LHM. Med bilen i høgaste stillingen skal den gule markøren vera på den yvste raude streken.


LHM










LHM+ (eller LHM PLUS) er ein forbedra variant av LHM. LHM+ fungerer spesielt bedre ved svært låge temperaturar.

LHM+ kann utan problem blandast med LHM.



Filter NB! Pass på at denne metallbøylen ikkje dett av!
(Han forsvinn ned i motorrommet og du finn honum aldri att.)


Problem

Bilen vil ikkje heva seg etter skifting av hydraulikkveske:

— Er lufteskruen stramma?
(Stram lufteskruen.)

— Fær hydraulikkpumpa LHM?
(Fyll LHM i fødeslangen.)

— Er det sprekker i fødeslangen til hydraulikkpumpa?
(Surr på elastisk limband over sprekkene, stramt.)

Nivå: Den gule markøren må vera millom dei tvo raude streki når bilen stend i yverste stillingen på flatt underlag.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional