Framsida
Hydraulikk
MONTERING
Riksmål English

S T R A M M I N G
3,5 mm  4,5 mm
0,8-0,9 mdaN (8-9 Nm)
6,0 mm
0,9-1,1 mdaN (9-11 Nm)


• Du må ALLTID bruka vernebriller når du jobbar med det hydrauliske anlegget.

• Når du demonterer hydraulikkrøyrer bør du setja ein plugg i alle opningar, slik at det ikkje kann koma inn ureiningar.

• Hydraulikkrøyrene må vera montert slik at dei heng fritt og ikkje kann koma i kontakt med andre komponentar.

Montering av hydraulikkrøyrer

Når du løyser hydraulikkrøyrer må du alltid hugsa å ta ut den gamle pakningen og setja på ein ny fyre monteringi. Enklaste måten å få ut den gamle er å skru inn ein høveleg karosseriskrue og trekka/lirka forsiktig ut. Vil ikkje pakningen ut, kann du prøva å skru utover medan du trekker. Det beste hadde vore om du hadde ein skrue med links gjenger. Brukar du opp att den gamle pakningen må du sjå nøye etter at han er utan skader.

Fyre monteringi:

  • Sjå etter at enden på røyri er heilt rein og utan lakkflekker (reingjer med rensebensin).
  • Blås gjennom røyri med trykkluft, båe vegar.

Monteringi:

  • Ha litt LHM på pakningen.
  • Set pakningen inn på enden av røyri slik at litt av tuppen på røyri stikk ut.
  • Set røyri forsiktig beint inni. Løys evt. festi på dingsen som røyri skal inni, slik at det blir lettare å få til.
  • Skru fast med fingrane; hjelp til med ein fastnykkel om naudsynt. Ikkje stram hardt.
  • Start motoren og sjå etter om det lek. I sofall strammar du litt meir.


Pakningar Pakningar for hydraulikkrøyrer.

• Pakningane er i fleire storleikar, etter kor grove røyrene er.

Kopling




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional