Framsida
Hydraulikk
SKIFTING
Riksmål English

Funksjon

Bremseakkumulatoren hev ikkje berre som funksjon å gje reservetrykk til fram­bremsene i tilfelle hydraulikken skulde svikta, han skal ogso gje trykk til heile systemet saman med hovudakkumulatoren. So hev du defekt bremseakkumulator, hev du ogso for lite trykk til fjøring og styring.




1Sphere + gasket
2Susp cyl o-ring
3Accum end piece
4Reducer union
5Bracket
6Boot clamp
7Screw column
8Capscrew
9Caged nut

Bremseakku
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX




Varseltrekant Varseltrekant

 BRUK 
 VERNEBRILLER! 


HUGS VERNEBRILLER NÅR DU DEMONTERER!!!
Dersom det er att trykk på kula vil det koma ein voldsom sprut med LHM.


Skifting

Bremseakkumulatoren
  1. Senk bilen til nedste stilling.
  2. Løys lufteskruen.
  3. Pump bremsepedalen til trykket blir vekke, på same tid som du luftar eine frambremsi.
  4. På røyri som gjeng frå hovud­akkumulatoren til bremse­akkumulatoren: Løys dei tvo festi (D+E).
  5. På bremseakkumulatoren: Ta av slangeklemma.
  6. Reingjer godt. Blås reint med trykkluft.
  7. Skru av dei tvo koplingane uppå bremseakkumulatoren (B+C).
  8. Skru av koplingen til hovudakkumulatoren (A).
  9. Lyft ut. Forsiktig med røyri som heng på.
  10. Set kula i ei skrustikke og løys akkumulatoren med ei kraftig tong. (Kula sit kanskje forferdeleg hardt, slik at du må bruka eit hardt rykk for å få henne laus. Pass då på at tongi ikkje glir og skadar røyri.)
  11. Løys kula frå skrustikka og skru henne ut.
  12. Blås gjennum røyri med trykkluft.
  13. Reingjer inni akkumulatoren med eit turkepapir.
  14. Ha litt LHM på den nye pakningen og fest honom på akkumulatoren, ikkje på kula.
  15. Ha litt mineralgrease på kontaktflatene, og skru fast den nye kula. Stram berre med hendene.
  16. Legg akkumulatoren på plass att og monter. (Å skru på røyrene kann vera vanskeleg: det er fort gjort å skada/øydelegga gjengene. Ta deg god tid.)
  17. Start bilen og lat honum gå i 5-10 minuttar.
  18. Stram lufteskruen.
  19. Kontroller at det ikkje er lekkasjar.
  20. Luft frambremsene.
  21. Etterfyll LHM.



Det er nesten håplaust å skifta kula til bremse­akkumulatoren i bilen, då akkumulatoren er dårleg festa. Det er difor best å ta ut heile greia og bruka ei skrustikke.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional