Framsida
Bremser
LUFTING
Riksmål English


Frå 9/1976


• For å lufta bremsene etter alle kunstens reglar kann det vera greit å vera tri stykker. Men det går ogso heilt greit å gjera det åleine um du vil gjera det enkelt (låsa bremsepedalen med ein pinne og lufta).

• Luftenipplane kann sitja ganske godt fast, og det er fort gjort å glippa og skada deim um du brukar fastnykkel el.l. Bruk i staden ei wisegrip-tong og vri varsamt for å løysa. Deretter kann du bruka fastnykkel.

Lufting av bremsene

Framme

  1. Jekk upp fronten på bilen og set honum på bukkar.
  2. Løys lufteskruen.
  3. Ta av framhjulene.
  4. Set gjennumsiktige slangar på lufteniplane. Ta enden på slangane upp i ein rein behaldar.
  5. Hald bremsepedalen nede og løys lufteniplane.
  6. Start motoren og pass på heile tida å halda fullt trykk på bremsepedalen.
  7. Steng lufteskruen og luft til det kjem ut rein LHM utan luftboblar.
  8. Steng lufteniplane og slepp deretter bremsepedalen.
  9. Fjern slangane frå lufteniplane og trykk bremsepedalen heilt ned. Kontroller at lufteniplane ikkje lek.
  10. Slå av motoren.
  11. Set hetter på lufteniplane (viktig!).


Bak

  1. Set hødereguleringen på lågaste stillingen.
  2. Løys lufteskruen.
  3. Vent til bilen hev sige heilt ned.
  4. Jekk upp bakenden på bilen og set honum på bukkar.
  5. Ta av bakhjulene.
  6. Set hødereguleringen på høgaste stillingen.
  7. Set gjennumsiktige slangar på lufteniplane. Ta enden på slangane upp i ein rein behaldar.
  8. Løys lufteniplane og trykk bremsepedalen heilt ned.
  9. Steng lufteskruen.
  10. Start motoren og pass på heile tida å halda fullt trykk på bremsepedalen.
  11. Luft til det kjem ut rein LHM utan luftboblar.
  12. Steng lufteniplane og slepp deretter bremsepedalen.
  13. Fjern slangane frå lufteniplane og trykk bremsepedalen heilt ned. Kontroller at lufteniplane ikkje lek.
  14. Slå av motoren.
  15. Set hetter på lufteniplane (viktig!).



Lufting
Ver forsiktig med lufteniplane, dei er fort å bryta av.

Hetter
Set hetter på lufteniplane.


Alternativ                            


Det går ogso an å lufta på ein annan måte:

Kopla fire lange gjennumsiktige slangar på lufteniplane og før desse til LHM-behaldaren. Dermed kann du lufta so mykje du vil utan å forbruka LHM. Men pass på fylgjande:

  • Høgdereguleringen må stå i yverste stillingen.
  • Sikra slangane (slangeklemmer el.l.) slik at dei ikkje kann detta av.
  • Kasser den fyrste misfarga LHM'en som kjem ut.
  • LHM'en må gjennum eit filter fyrr han går ned på behaldaren att.




Bremsepedalen                            


For å sleppa å ha nokon til å bremsa, kann du i staden setja ei fjøl flatt mot framkanten av setet, og ein pinne frå fjøli og burt på bremsepedalen. (Set pinnen millom bremsepedalen og enden av fjøli, og dra deretter pinnen burt til midten av fjøli.)



Merk fjøli og pinnen og legg dei på ein stad du finn dei att.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional