Framsida
Diverse
CITROËN CX
Riksmål

Citroën CX
Med Citroën CX i trafikken

Avstand

Dersom bilen framfyr hev problem med å halda tilstrekkeleg avstand, må du enten køyra forbi, eller senka farten. Ved at det er bra avstand kann du køyra mjukare, og du hev meir å gå på ved ein bråstogg. Spesielt um du ligg i kø, og bilen bakum held på å renna i deg.

Med god avstand til bilen framfyr blir det ogso minder katalysatordritlukt, og du slepp drevet frå honom i regnvêr.

(Problemet med å sakka av og halda god avstand er at då trur han framfyr at han køyrer for fort, og byrjar køyra endå tregare. Fortset du med å halda god avstand sakkar han farten endå meir. Til slutt kryp båe av garde i skilpaddefart;)

Bremsing

— Bremsene dine er vel ALLTID i perfekt stand…?

Med bremsene i orden og med gode dekk må du vera litt varsam. Prøv å lesa trafikken slik at du unngår kraftige uppbremsingar.

For må du bråbremsa i tette trafikk, blir du påkøyrd bak. (Han bakum hev garantert IKKJE like bra bremser som deg.)

CX / CX2 —
forvirring


Køyrer du både CX og CX2, eller du hev skifta frå CX2 til CX, må du tenka deg litt um ved myrkekøyring. Avdi ...

... på CX2 hev dei av ein eller annan vansinnig grunn plassert upp/nedblendingsknappen der HORNET er på CX ... :(

Glatt underlag

— Bruk gode piggdekk um vinteren.

Det kann av og til vera like glatt på våt vegbane som med piggdekk på spegelblank is.

Pass spesielt på ved regnvêr etter langvarig turke, og på nylagd asfalt.

Ein god regel når du hev glatt underlag, er å forestilla seg at det køyrer ein usynleg spøkelsesbil millom deg og bilen framfyr.
(—Um han hev kors på taket? Nei, det veit eg ikkje...)

Hjort

Frå Bergens Tidende: "Sjåføren prøvde å svinga utanom hjorten, utan hell. Bilen skar utfor vegen på høgre sida, fór over til venstre og tippa rundt og inn i bringebærhagen til..."

Um det brått stend ein hjort i vegen framfyr deg, må du IKKJE prøva å svinga rundt han. Då havnar du i gryfti eller køyrer inn i fronten på motgåande bil. Brems det du klarar, og sikt på bakarste del av dyret.

Dersom du køyrer på ein hjort må du med ein gong kontakta politiet, ogso um hjorten forsvinn inn i skogen etterpå.

På ein vanleg bil bør ein kanskje ikkje bremsa for hardt, for då vil fronten siga kraftig ned, slik at hjorten lettare fer yver panseret og rett i frontruta.

På CX'en derimot sig fronten ikkje ned uansett kor hardt du bremsar.

Passasjerar

Når du hev med passasjerar må du køyra mjukt. Ikkje kraftige uppbremsingar, og ikkje for hard fart i skarpe svingar. For, for det fyrste skal ein CX køyrast med stil og ein viss verdigheit, og for det andre vil du ikkje hava bilsjuke folk i baksetet.

Har du med folk som aldri hev vore i ein CX fyrr, må du fyre dei set seg inni forklara at dørene skal latast att, ikkje SMELLAST att.

Ras/snøskreder

Stopp aldri ved ras eller snøskreder, det er alltid yverhengande fare for at det kann koma meir. Enten på same plassen, eller attmed. Kom deg i sikkerheit på ein trygg plass.

Mange hev lett for å tenkja: — Raset hev gjenge; då kann det jo ikkje koma meir...

Regn

Ved køyring i regnvêr gjeld det å hugsa på at vegbana er sleip, og etter langvarige turke eller med nylagd asfalt direkte glatt. Prøv gjerne bremsene: du kann bli yverraska yver kor lett du mysser veggrepet.

Vassplaning er vanlegvis ikkje noko problem med CX'en, ettersom han er sopass tung framme. Men det kann sjølvsagt skje, spesielt um du hev slitne dekk. Likevel vil det ikkje vera særleg dramatisk, ettersom Diravien vil halda hjulene på rett kurs. (På ein vanleg bil vil hjulene kunna bli vridde til sides.)

Pass på å alltid hava rikeleg med spylevæske, og gjerne ogso ein dunk med ferdigblanda spylevæske i bagasjerommet.
NB! Tømm aldri konsentrert spylevæske på tanken (BRANDFARE).

Reingjer vindaugsviskaren ofte (drag ein twistdott att og fram) og sameleis frontruta, både inn- og utvendig. Set på ny vindaugsviskar kvar haust.

Ver klar til å slå vindaugsviskaren på fullt når du møter bilar (spesielt vogntog), i tilfelle du skulde få frontruta yversprøytt med dritvatn. Det skjer veldig brått, og er spesielt skummelt um du er i ein sving.

Rundkøyring

— Ei stor føremun med CX'en er at du alltid hev full kontroll yver retningsljoset. Du bestemmer når det skal på, og når det skal av.

Til høgre: Start blink til høgre i god tid fyrr rundkøyringi, og legg deg til høgre i køyrefeltet ditt.
Rett fram: Hald deg til høgre i køyrefeltet ditt, og blink til høgre so snart det er tydeleg at du skal rett fram og ikkje til høgre.
Til vinstre: Start blink til vinstre i god tid fyrr rundkøyringi, og legg deg til vinstre i køyrefeltet ditt. So snart det er klart at du ikkje skal rett fram, blinkar du til høgre.
Heilt rundt: Start blink til vinstre i god tid fyrr rundkøyringi, og legg deg til vinstre i køyrefeltet ditt. So snart det er klart at du ikkje skal til vinstre, blinkar du til høgre (forstod du den;).

Rundkøyringi er ein kort einvegskøyrd forkøyrsveg (som bit seg sjølv i halen). Du hev difor vikeplikt for deim som er i rundkøyringi.

Gjeng det ei trikkeskinne tvers gjennom rundkøyringi, må du passa deg! Kjem det ein trikk stoppar du og slepper honom forbi. (CX'en blir so lei seg um han blir påkøyrd av ein tung trikk;)

(Når du skal ut av rundkøyring um vinteren; pass på at du ikkje set deg fast;)

Sykkel

Syklistar er å rekna som vanlege køyrande, og skal difor nytta køyrebana. (Dei kann ogso nytta gong- og sykkelveg, samt fortaug, dersom dei syklar i gongfart, og der ikkje er for mange gåande.) Er dei fleire i fylgje, kann dei sykla tvo og tvo jamsides (ja, det er lovleg).
Når du tek-att ein syklist, må du køyra forbi med god avstand og ikkje svinga deg inn-att fyrr du ser syklisten i innespegelen. Er det uoversikteleg, må du bremsa ned og venta til du kann fyreta ei trygg forbikøyring (fyrestill deg syklisten som ein smal traktor; umtrent same farten og treng like mykje vegabreidde).

Um du bremsar ned framfyr eit kryss hev syklistane lov å køyra upp på høgre sida di; fyl difor ogso med i høgre sidespegelen, spesielt um du skal svinga til høgre i krysset.

Bruk gjerne sykkel sjølv ogso til og frå arbeid, um det ikkje er snakk um alt for mange mil. (Ja eg veit, det er veldig lett å taka CX'en i staden;)

Søvn

Pass på at du hev fenge nok søvn når du skal ut og sveva i CX'en.

Kjenner du at du brått blir veldig trøytt, må du stoppa so fort som råd og leggja deg bakyver i setet med attlatne augo i ti – femtan minuttar. Deretter stig du ut og tek deg ein kort spasertur.
(Stoppar du i myrkret må du fenga bilen godt vekk frå vegbana og slå av alt ljos. For stoppar du rett attmed vegen og stend der med parkljos, er det ikkje utenkjande at ein annan trøytt ein siktar etter bakljosi dine og køyrer i deg.)

Tunnel

— Du kann pusta gjennom eit tøystykke fukta med vatn om du blir utsett for røyk.

Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengd (raudt ljos eller bom).

km Når du køyrer gjennum ein lang tunnel bør du fylgja med på kvar i tunnelen du er, slik at du veit um kortaste vegen ut er framyver eller bakyver. Sameleis bør du vita kor mange km det er til kvar utgang (ved å sjå på skilti på tunnelveggen).

Hald god avstand um du hev bil framfyr.

Ha ei kraftig lommelykt og vatn i bilen. (Gjerne ogso fem pustemasker.)

Um du kjem i ein røykfylt situasjon må du fyrst og fremst stengja friskluftinntaket og setja på alarmen (ved å ha på alarmen blir du kanskje litt meir synleg for andre). Nullstill deretter trippteljaren. Dermed vil du vita kor langt du er frå utgangen medan du forsiktig prøver å køyra ut.

Du vil sjølvsagt prøva å koma deg vekk frå røyken; det kann medføra at du må køyra forbi bilen som brenn. Dette gjeld spesielt um du er i ein bratt tunnel utan ventilasjon. Då kann det vera lurt å køyra nedyver, sjølv um det skulde vera lengste vegen ut.

Blir du ståande fast med bilen må du prøva å få honum godt innåt tunnelveggen, og koma deg ut i ein fart (hugs å slå av motoren og ta med nyklar, lommelykt og vatn!). Alarmen må sjølvsagt stå på. Dersom det er vifter i tunnelen vil det kanskje vera lurt å springa mot røykretningen og prøva koma seg forbi brannen. På den andre sida av brannen vil det forhåpentlegvis vera frisk luft. Men — der det brenn kann det vera forferdeleg heitt, og det kann detta ned steinar og straumleidningar frå taket. Og dersom det er eit stort køyretøy som hev brann i eit hjullager, er det berre å springa, ettersom eksploderande lastebildekk er livsfarleg.

I tunnelar med fleire laup er det eigne rymningsvegar som du skal nytta deg av. Du må IKKJE prøva å køyra ut mot køyreretningen. Hugs å varsla brannen so fort du er i sikkerheit (helst med naudtelefon).

Vinstresving

— Tofelts veg utan avkøyringsfelt.

Du skal svinga av vegen til vinstre:

Dersom det er motgåande trafikk, må du stoppa heilt. Kva skjer då um det kjem ein uoppmerksam billist i stor fart bakfrå og køyrer i deg?

Anten blir du (1) skubba framyver i vegbana, og slepp frå det med mindre skader, eller du blir (2) skubba yver i det andre feltet, og blir påkøyrd av motgåande trafikk. Det siste alternativet kann fenga dramatiske fylgjer.

Du vel sjølv utfallet! Stoppar du upp midt i køyrefeltet ditt, eller litt til høgre, blir det forhåpentlegvis alternativ 1. Stoppar du upp tett attmed midtstripa, blir det alternativ 2. Du blir då treft på høgre sida bak, slik at bilen blir vridd yver mot vinstre.

Konklusjon: Stopp ALLTID i god avstand frå midtstripa!

Uhell

— Hav alltid minimum tvo skademeldingsskjema liggjande i bilen. Samt penn og eit hardt skriveunderlag.

Ved skade tak alltid bilete av situasjonen frå ulike vinklar. Pass på å fenga med skilti på båe bilane. Be om å få sjå motpartens vognkort og kontroller at skiltnummeret der er det same som på bilen (skilti kann vera stolne).
Skademeldingsskjemaet SKAL fyllast ut. (Nektar motparten tilkallar du politiet.) Ver nøyen med utfyllingi, pass spesielt på at datoen og skiltnummeret på båe bilane er rett. Skriv hardt, slik at det blir tydeleg gjennomslag.

Ved personskade skal politiet tilkallast. Samt medisinsk hjelp, um naudsynt.

Ikkje lat motparten taka kommandoen, spesielt ikkje um det er upplagt at det er vedkomande som er skuld i uhellet.

Økonomi

— Korleis spara pengar?

Køyr mjukt og prøv å «lesa» trafikken.

Bli ikkje irritert um du må ligga bakum store køyrety, for då fær du redusert drivstofforbruk.

Unngå å køyra med for mykje gass, vel heller eit høgare gear. (Men dersom du hev turbo må motoren likevel hava eit visst turtal for at turboen skal fungera effektivt.)

På flata og i nedyverbakke kann du hoppa yver gear når du aukar farten.

Unngå å køyra med opne glas.

Bruk dekk med lite rullemotstand, og ha tilstrekkeleg med luft i dekki. Fyll ekstra luft i bakdekki um du hev tungt lass.

Fyll drivstoff der det er lågast pris, og på rett tidspunkt; gjerne søndag kveld eller måndag morgon.

Um vinteren: fjern all snø frå bilen fyre køyreturen.

Unngå bruk av takboks og tilhengar.

Unngå unaudig vekt i bilen — og ja, kanskje kunne du trenga å slanka deg litt?




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional