SYKKEL

   Hald sykkelen i god stand. Kraftig ringjeklokke, spegel, gode dekk, gode bremser framme og bak, kvitt ljos pluss kvit refleks framme, raudt blinkande ljos pluss raud refleks bak, gule refleksar i hjulene og på pedalane. Bruk ljos både framme og bak heile døgeret. Bruk gjerne hjelm og sykkelhanskar, og refleksvest eller ein sjølvlysande sykkeljakke. Ikkje hav spedometer på sykkelen; det er berre stress.
   Hald hjulene 50 – 70 cm frå den kvite kantstreken (lenger ut i vegen når det gjeng fort, og nærare kanten når det gjeng sakte).
   Stopp og slepp forbi bakanforliggjande trafikk når naudsynt. (Um du t.d. ser eit vogntog i spegelen, og du forstår at det blir eit lite h... for vedkomande å koma seg forbi, hev du berre å koma deg i gryfti so snøgt som råd.)
   Um du skulde forvilla deg inn på gong- og sykkelveg må du ikkje sykla særleg fortare enn gongfart um der er gåande, og du må varsla med ringjeklokka um dei ikkje er merksame på deg. Er du på fortaug eller i gågate skal du ikkje bruka ringjeklokka, og bevega deg i gongfart.