Framsida
Diverse
CITROËN CX
Riksmål

Citroën CX
Og kvifor er so Citroën CX betre enn vanlege bilar?
 

Citroën CX

Vanlege bilar

For å byrja med dørhandtaki

Meget stilige, og dei sit stødigt på plass. Du trykkjer med tommelen mot ein knott for å opna.

På dei fleste bilar gjev dørhandtaket etter når du tek i det, og er døri då litt fastfrosi, fær du følelsen av at du slit sund heile greia. (Og at det er rett fyrr du røskar av deg neglene;)

Seter og sitjestilling                        

Du set deg ned i bilen, i eit meget komfortabelt sete. Og du sit behageleg bakoverlent, som i ein sofa.

Du set deg inn i — eller upp i — ein hard kjøkenstol. Og sitjestillingen er ogso som på ein kjøkenstol.

Varme og ventilasjon                        

Tri spakar millom seti, som kann brukast i blinde, ettersom alle hev unik utforming.

Virvar av hendlar som du må strekkja deg etter, og bruka augene for å kunna stilla inn. Luftstraumen kjem ofte ut alt for høgt uppe, slik at du fær han rett i augene.

Instrumentkonsoll                        

UFO-følelse, badevekt-instrument, alle hendlar kann nåast utan å taka hendene frå rattet. Alle varsellampar på ei ryddig rekkje. Brytar for retningsljos, utan automatisk retur.

Kjedelege runde instrument. Knappar og hendlar strødde rundt omkring på måfå. Pinne for retningsljos, med automatisk retur. Retningsljoset sler seg dermed aldri av på rette tidspunktet.

Tenningslås                                                

På vìnstre sida av rattet.                                                

På høgre side av rattet. Dermed har høgre kne lett for å koma i konflikt med nykkelknippet (trongt millom tenningslåsen og midtkonsollen). Og i tilfelle kollisjon, vil det vera vanskelegare for redningsmannskap å koma til for å skru av tenningen.

Ratt og styring                                                

Eineika, uforstyrra utsikt til instrumentkonsollen. Progressiv, lynrask og direkte styring (kun 2½ omdreiningar millom ytterpunkti). Fullstendig hydraulisk (inga mekanisk yverføring), og absolutt inga kjensle med framhjulene gjennum rattet. Når du slepper rattet gjeng det attende til midtstillingen ogso når bilen stend i ro.

Tvo- eller trieika, nesten so du ikkje fær plass til hendene. Kun servoassistert, indirekte og treg styring. Rattet gjeng ikkje automatisk attende til midtstillingen.

Spyling                                                

Innebygt i viskaren. Og friskluftinntaket er plassert frampå panseret, slik at det garantert ikkje blir lukt inni bilen.                                                

Spyling frå tvo dyser på panseret. Friskluftinntaket er plassert nedom frontruta, slik at du får ei forferdeleg lukt inni bilen. Blir du stoppa i kontroll, kann du tilogmed risikera å blåsa raudt! Og politimennesket vil stikka nasen inn gjennum ruta og bemerka at:
—Jaha, her luktar det farkenmeg sprit!!

Bremser                        

Bremsepedalen sit lågare enn gasspedalen, er difor rask å koma til. Pedalen har nesten ikkje vandring, og er meget lett å dosera. Fronten på bilen sig ikkje ned, sjølv ved meget kraftig uppbremsing. Bremsene er ekstremt kraftige, so risikoen for å bli påkøyrd bakfrå er absolutt til stades. Bakbremsene er lastavhengige (kraftigare bremsevirkning ved tungt lass).
Handbremsene virkar på framhjulene, og er meget effektive. Dette er faktisk ein av få bilar der handbremsene verkeleg fungerer som naudbremser.

Bremsepedalen sit ofte høgare enn gasspedalen, slik at du må lyfta foten for å kunna bruka han. Du risikerer dermed å hekta fast skoen om du ikkje lyfter foten høgt nok. Pedalen har forferdeleg lang vandring, og har ein svampete følelse. Bremsevirkningen er moderat, og spesielt tyngre bilar går på nasen ved kraftig uppbremsing. Bilane brukar ogso bremsevæske som er svært giftig, og som syg vatn frå lufti, dette kann føra til katastrofe.

Fjøring og køyreeigenskapar                        

Luftfjøring (nitrogen) med automatisk nivåregulering (hydraulisk). Framragande køyreeigenskapar, avansert framhjulsuppheng. Fartsdumpar merkar du nesten inkje.

Spiralfjører. Stumpete fjøring. Stor variasjon i køyreeigenskapar frå tomt til fullt lass, der lyktene lyser upp i tretoppane. På enkelte modellar kann lyktene regulerast frå førarplassen, men kor nøyaktigt blir no det? Og dersom du hev regulert lyktene med tom bil, for so å lessa honom full slik at bakenden omtrent tek nedi, og dette skjer på dagtid, kven hugsar då på å regulera lyktene ned att (og kor langt ned, det er jo plent uråd å stilla inn i dagsljos)? Me kann vel utan vidare konkludera med at: bilar utan automatisk nivåregulering er noko stort vas.

Konstruksjon                        

CX'en har hjelperåme, noko som isolerer kupéen effektivt mot lydar/vibrasjonar frå hjulopphenget og motoren. Bilen blir ogso meir vridstiv på den måten.

Har ikkje råme/hjelperåme, slik at lydar spesielt frå hjulopphenget trenger inn i kupéen (du høyrer faktisk ofte bremsene tydeleg inne i bilen). Køyreegenskapane kann ogso bli forringa ved at bilen er mindre stiv.

Diverse                        

Reservehjuli ligg i motorrommet, med jekken uppi. Skifting av hjul er meget enkelt. Det er berre å heisa bilen upp i yverste stilling, setja jekken under fremre jekkfestet, jekka litt upp, og so er begge hjuli på den sida upp-i-frå.
Ved køyring i ulendt terreng kann du heva bilen upp i terrengstilling. Og um du køyrer deg fast um vinteren, kann du fyrst sleppa bilen heilt ned, for so å taka honom heilt upp i yverste stillingen, og spinna deg laus.

Reservehjuli ligg vanlegvis under matta i bagasjerommet, eller er festa under bagasjerommet. Tungvindt/grisete.

Er vanlege bilar betre enn Citroën CX på noko vis?

Tja, det kjem jo an på augene som ser. Nyare bilar vil jo kunna hava betre passiv sikkerheit i form av kollisjonsputer o.l., men den aktive sikkerheiti er jo langt viktigare, og der er CX'en uslåeleg. Men, som med alle gamle bilar, HALD BILEN RUSTFRI! Ein gjennomrusta bil vil kollapsa i ein kollisjon.
Nyare bilar vil ogso kunna hava betre lydisolering i form av doble dørpakningar t.d., men det er ikkje noko problem å lydisolera ein CX til han blir nesten lydlaus.





Opp Valid XHTML 1.0 Transitional