Framsida
Styring
JUSTERING
Riksmål English

Justering av spissing

Vil du gjera dette sjølv, kann du prøva fylgjande: Spenn upp snorer langsetter sidene på bilen, nesten innåt framhjulene. Mål frå snori og til kanten av felgen. Gjennumsnittet av avstanden C og D minus N (N er hjulavstand framhjuler minus hjulavstand bakhjuler delt på tvo) skal vera lik gjennumsnittet av A og B. A skal vera litt større enn B (½ – 3 mm). Skildnaden på A og B må vera heilt lik på båe sider. (Måler du mot ytterkant av dekki skal A vera 1 – 4 mm større enn B.)

CX'en må vera i normalhøgd med motoren i gang, dekki må ha korrekt lufttrykk, og bilen må ha trilla framyver fyrr du måler. Um du treng å justera må framhjulene stå på nokot glatt (t.d. tvo metallplater med grease imillom under kvar hjul).


Justering
Teikningen er lånt frå Citroën CX Technical Description



• Til å festa snorene i kann du t.d. bruka tvo lange stenger som du festar til støytfangarane.

• C skal vera lik eller litt større enn D (0 – 3 mm). Dersom dette ikkje stemmer må du til og sjå på lageret i upphengsarmen.


Framme

Toe-in
                        Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX                        





Bak

Toe-in
                        Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX                        


Bak går det ikkje an å justera spissing.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional