Framsida
Bakaksling
BAKHJULSLAGER
Riksmål English

Problem

Utslite hjullager bak.

Set i tvo hjulboltar og bruk ei tind el.l. stukke ned i jordi for å halda bremseskiva fast når du skal skru ut skruane.

Skifting av nav

  1. Ta av hjuli.
  2. Skru ut dei tvo skruane i bremseskiva.
  3. Ta av bremsecaliperen (forsiktig med bremserøyri).
  4. Ta av bremseskiva.
  5. Ha på rustløysar, og skru ut dei fem skruane til navet. Pass på at du hev fenge unbrakoen 100% inni (bank honum på plass med ein tung hammar), og vri roleg til skruane losnar (gjerne med eit smell og gneistesprut!).
  6. Legg nokot mjukt under som navet kann landa på, og kakk det varsamt utor med ein hammar.
                                                                                                           

• Ha gjerne ei ny bremserøyr i bakhand.

• Skruane til navet sit kanskje svært godt fast. Du kann evt. varma deim upp, og bruka ei solid tong til å få deim laus med når dei hev kjølna att.

Smỳrjing/skifting av hjullager i navet

Skru fast navet på utsida av hjuli. Hjuli vil dermed fungera som eit slags "arbeidsbord".


• Navet er svært vanskeleg å opna, det er enklare å byta til eit anna som er i orden.
• Det er ulike nav for berline og break, og derunder tvo typar; det eine for ABS (med tannhjul). På bilar utan ABS kann båe brukast.





Opp Valid XHTML 1.0 Transitional