Framsida
Interiør
LUFTINNTAK
Riksmål English


Problem

Opning/stenging av luft til kupéen fungerer ikkje.

Dette er under ekspansjonstanken.


Heilt fremst i luftinntaket (fyre kupévifta) er det ein klaffe som opnar og stengjer for luft inn i kupéen. Han blir driven av ein liten motor A. Dersom denne ikkje fungerer, skuldast det vanlegvis dårleg kontakt eller defekt motor. Dersom du fær lite luft inn i bilen, kann det skuldast at klaffen står delvis stengt. Kontroller ved å ta av gummipakningen og gitteret på luftinntaket, stikk handi nedi og kjenn etter kva stilling klaffen (hev mjuk overflate) står i.

For å koma til motoren må du ta ut ekspansjonstanken. Reingjer kontakten B. Fungerer ikkje det, må du skifta motoren. Han er festa med tri småe skruar C. Når du skal lirka honum ut må du bruka litt makt. Leidningen er festa under i ein liten bøyle, men det er berre å nappa honum laus. Ved montering må du laga til ein skjerm på kontakten, slik at det ikkje kann renna kjølevæske inn i honum. Samt fylla honum med syrefritt feitt.

Fær du ikkje tak i ny motor må du låsa klaffen i open stilling: Løys motoren og vri tennene på klaffen mot vinstre so langt som dei går (slik at klaffen peikar rett nedover) og skru fast motoren att. Dra laus kontakten.


Eira Eira kontakt.

Klaffen.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional