Framsida
Interiør
TEMPERATUR
Riksmål English


Problem

Det kjem varm luft frå varmeapparatet, sjølv um temperaturhendelen står på 15 grader og det er tropevarme i bilen.

Eller...

...det kjem berre kald luft, sjølv om det er so kaldt at det heng istappar frå øyreflippane.



• Det fyrste du bør prøva er å ta ut styringseiningen som sit fastskrudde på veggen framfyr gearstongi og gå yver loddingane. Reingjer med viskelær og enden av skaftet (som du spissar med ein blyantkvessar) på ein pensel med stiv bust. Kost vekk rusk med penselen. Når du skal lodda upp att dei åtte kontaktane må du sikra deim med småe treklossar el.l., slik at dei ikkje kjem ut or stilling. (Millom kontaktane kann du bruka ei høveleg tjukk blokk med post-it-lappar: riv vekk akkurat so mange ark at ho går trongt inn millom føtene, og på utsidene ei sundteki klesklype av tre med strikkar på endane.)

• Det kann hjelpa å skifta følaren uppi taket. Eller du kann montera ein "naud"-brytar som kortsluttar leidningane til følaren. Du vil då få kald luft frå 15 - 29 grader, og heit luft på 30. Brytaren kann ogso vera grei å ha dersom motoren som styrer heit/kald-spjeldet ikkje klarar å vri spjeldet langt nok mot heitt. Då blir han ståande og klakka, sjølv um du set temperaturen ned på det kaldaste (når det er under 15 grader i bilen).
NB! Brytaren må vera utforma slik at du ikkje skadar deg um du stangar burti.

• Motoren som styrer heit/kald-spjeldet kann vera defekt.

• Dersom du ikkje fær varme, kann det ogso vera at du hev for lite kjølevæske.


Temperaturstyringen.

Suspekte loddingar. Her er det sprekker, slik at tvo av kontaktane er lause.

Påmontert brytar på CX.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional