Framsida
Elektrisk
LJOSBRYTAR
Riksmål English

Ljosbrytaren fær all straumen til lyktene gjennom seg, og kann difor gå varm og smelta. Av denne grunn er det lurt å kopla relé på lyktene.



1Housing assy
3Lighting switch
4Contact switch (blinkljosbrytar)
8Tapping screw
9Speed nut
Lysbrytar
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX
                                                                                             


   Du må vera svært varsam når du demonterer dette plastspetakkelet, det er utruleg spinkelt.
   Dei tenkte vel som so då dei laga det, at:
   —Ja ja, CX2 skal vel berre produserast nokre få år, so då er det ikkje so nøye...

Lysbrytar


   Kontroller om dei fjørbelasta stiftane A glir lett inn og ut i hylsene, og om fjørene fær bevega seg fritt. Dersom brytaren hev vore varm/smelta kann hylsene dei sit i vera litt deformerte. Prøv i sofall forsiktig å bora deim upp. Undersøk om kontaktflatene B til stiftane hev smelta seg ned i plasten. Hev dei gjort det, må du prøva å få deim upp att med ein loddebolt (IKKJE enkelt!).
   Sjekk ogso at C glir lett.
   Reingjer og ha på vaselin.


• Skaff deg reservebrytar og ha honum liggjande i bilen. Viktig: Kontroller at han fungerer som han skal. Lag gjerne ogso ein «naudljosbrytar».

«Naudljosbrytar»


Lag desse leidningane for å få nærljos:

  1. Tvo samankopla leidningar med flate kabelsko til å kortslutta 1, 2 og 3.
  2. Ein leidning med flate kabelsko i båe endar til å kortslutta 4 og 6.
Leidningar
Nødbrytar

Dette er det du ser når du har fjerna brytaren.

  • Blå = park 
  • Grøn = nærljos 
  • Raud = fjernljos

(5 og 6 blir kortslutta ved fjernljosblink)                                                                    

Tips

Lag leidningane, skriv ut denne sida, og stapp alt upp i ein liten plastpose som du legg i hanskerommet. Legg gjerne ogso oppi eit lite skruejarn.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional