Framsida
Diverse
VINTER
Riksmål


Uppstart

Dersom du sit og hutrar og skjelv medan du køyrer, er du ein dårleg sjåfør. Og dersom frontruta byrjar å dogga/isa blir du livsfarleg!
Bruk kupévarmar!


Snø


Bruk motorvarmar og kupévarmar, gjerne i kombinasjon med batteriladar (må vera av den typen som koplar ut automatisk når batteriet er fullada).

Fjern all snøen frå bilen fyrr du køyrer. Ogso på taket, for um du fær ein bråbrems kann alt saman hamna frampå frontruta, slik at sikten blir til inkje.

Skrap is av alle ruter og fjern evt. dogg.

Skrap is av framlyktene.

Ha på deg tilstrekkeleg med kle, slik at du ikkje blir sitjande og frysa, um du startar upp i kald bil.

Det er viktug å vera vinterkledd, sjølv um du startar i gloheit bil. Tenk deg fylgjande: Du køyrer av vegen, og blir sitjande fastklemt med knuste ruter. Då ville det ikkje vera særleg kjekt å sitja der i berre skjorta. Ha gjerne ogso nokre pledd liggjande i baksetet slik at du kann få tak i dei, um du skulle hamna i ein slik situasjon.
NB! Pass på å festa beltet langt ned på magen, trekk det under ytterplagg og stram godt.


Snø (For kort garasje;)

Motorvarmar




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional