Framsida
Diverse
VINTER
Riksmål

Andre køyretøy

Det er ikkje so lett å gardera seg mot kva andre kann finna på, men fyl godt med og hald god avstand.

ISFLAK

Ver klar over at det kann koma flygande store isflak frå taket på «presenning-lastebilar». Held du då ikkje tilstrekkeleg avstand fær du det rett i frontruta.

STORE KØYRETØY

Pass deg for tunge køyretøy som hev stogga uppanfyr deg i kryss og bratte bakkar; dei kann koma skreiande mot deg.

NÅR DU MØTER BIL I OPPOVERBAKKE PÅ SMAL VEG

Med ein gong du sjølv hev stogga set du bilen i revers. Då er du klar til å rygga dersom den som kjem nedover ikkje greier stogga tidsnok.


Flat Hald deg på god avstand frå tunge køyretøy, ogso um du er til fots. Kjem du t.d. millom autovernet og eit vogntog som hev stoppa med heite dekk, vil du bli klemt VELDIG flat når vogntoget glir inn i autovernet.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional