Attende
Motor
MAKSMENGDEREGULATOR
Riksmål English


Plassering

På bakkant av dieselpumpa (mot kupéen).


Funksjon

Maksmengderegulatoren (en. aneroid) skal regulera drivstoffmengdi i samsvar med kor mykje luft turboen pressar inn. Med turbo og utan denne regulatoren måtte pumpa vera justert slik at motoren fekk for mykje diesel på lågt turtal (svart eksos) og for lite på høgt turtal (dårleg drag i motoren).


Virkemåte

Når turbotrykket aukar blir membranane (J og M) pressa ut slik at pumpa slepper gjennom meir diesel. Kor mykje ekstra som skal sleppa gjennom kann du regulera med justeringsskruen (D).


Justering

Å justera D kann vera vanskeleg, men som eit utgangspunkt kann du ha honum innskrudd 4 – 5 umdreiningar. Um du skrur fyr langt innyver fær du ikkje start. Skrur du fyr lang utyver ramlar D, E og H ut, og det kann ogso henda at M ryk.

Maksmengderegulatoren

Maksmengderegulator

I tillegg til det som er vist på biletet, er det ein liten tapp inni O. (Når du set honum inni skal den tunne enden venda mot deg.)

Demontering

  1. Ta av leidningen, løys dei tvo skruane (13mm) som held dieselfilteret, lyft det upp og legg det forsiktig bort til reservehjuli.
  2. Ta ut braketten som dieselfilteret var festa på (tvo skruar: bruk skralle med forlengar).
  3. Set nedi nokot som kann samla upp dieselsøl og ting som du mysser. (Du kann t.d. skjera av botnen på ein plastkagge.)
  4. Ta av dei tvo slangane på regulatoren.
  5. Vipp av deksel A med eit flatt skruejarn.
  6. Set i ein unbrako (4mm) i D og skru av B med fastnykkel (14mm). Lat B og C gli ned på unbrakonykkelen. (Pass på at D blir ståande i same stilling!)
  7. Skru ut D-P. (Sit kanskje hardt: pass knokane.)
  8. Skru ut D med 4mm unbrako medan du tel kor mange omdreiningar det blir, skriv det upp i rep./vedlikehaldsboki di, og skru honum inn att (pass på å ikkje myssa E og H).
  9. Ta av P, og skru ut 3xG. (Bruk fyrst ei tong til å løysa deim med, deretter 2,5mm unbrako.)
  10. Ta av F, og pass på at du ikkje mysser E og H.
  11. Ta ut I-N. Sjå etter um dei tvo membranane (J og M) er heile. Um du må skifta membranane brukar du tvo 8mm fastnyklar. Pass på at du set dei nye membranane på rette vegen. Du vil sjå at dei hev spor som passar inn i K.
  12. Stikk ei knappenål inn i enden på O og sjekk at den vesle tappen inni der kann gli fram og attende.
  13. Kontroller alle O-ringane for sprekker, og ha på eit tunt lag med grease.

Montering

  1. Skru på plass D-P. Pass på at den nippelen (P) som luftslangen skal inn på peikar rett upp.
  2. Tre B og C inn på unbrakonykkelen og set han i D. Tre på C og skru fast B.
  3. Set på deksel A.
  4. Set på slangane.
  5. Skru fast braketten, set dieselfilteret på plass, skru fast og set på leidningen.
  6. Start motoren og kontroller at det ikkje lek nokon stad.



Problem

  Er det sprekk i membran M vil det passera gjennum diesel slik at han kjem inn i luftslangen. Det vil i sin tur kunna føra til at motoren rusar upp utan at du gjev gass, spesielt på tomgang. (Til dess du fær ordna lekkasjen bør du passa på å parkera med fronten i (bratt) uppyverbakke.)
  Er det sprekke i membran J vil lufti leka ut.
  Er det sprekke i båe, vil det i tillegg bli diesellekkasje, og motoren vil gå som eit treskeverk.
  Diesellekkasje kann du ogso få um O-ringane er turre eller sprukne. Smỳr på eit tunt lag med grease.

F-O kann du få kjøpt som komplett del frå t.d. CX-Basis (EAD-13766), eller du kann kjøpa membranane frå ein dieselpumpe- leverandør.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional