Attende
Motor
PROBLEM
Riksmål English
1

Bilen driv og gjev gass av seg sjølv, spesielt når han går på tomgang.

Dette skuldast sannsynlegvis at ein membran i maksmengderegulatoren i dieselpumpa hev sprukke. Då kjem det diesel inn i luftslangen som går til luftmanifolden.

LES MEIR

2

Motoren stoppar under køyring, eller fuskar, eller vil ikkje starta.

Dette kann skuldast feil på stoppventilen på dieselpumpa.

LES MEIR

3

Motoren går ujamnt.

Dette kann skuldast at du fær luft i dieselen. Set på gjennomsiktige slangar før filteret, og millom filteret og pumpa (og evt. forvarmaren, um han er tilkopla). Luft filteret og pumpa, start motoren og sjå um der kjem luftboblar i nokon av slangarne. (Du må ikkje køyra med dei gjennomsiktige slangarne.)

4

Motoren misser draget når du gjev mykje gass, og det kjem då ogso store mengder brunsvart røyk frå eksosen.

Du treng sannsynlegvis nytt luftfilter.

LES MEIR

5

Det lek diesel frå baksida (mot torpedoveggen) av dieselpumpa.

Sannsynlegvis hev båe membranarne på maksmengderegulatoren sprukke.

LES MEIR

6

Det lek diesel ved høgre framhjul.

Lekkasjen kjem sannsynlegvis frå simmerringen på dieselpumpa.

LES MEIR

7

Motoren stoppar, og vil ikkje starta att.

Dette kann skuldast at registerreimi hev roke.

LES MEIR

8

Det kjem "klikkande" ulydar frå motoren.

Dette kann skuldast at ventilarne treng justering.

LES MEIR

9

Bilen forbrukar mykje kjølevæske, og det er eit gråkvitt belegg på undersida av oljepåfyllingsloket.

Kjølevæska fer inn i oljen; du må sannsynlegvis skifta toppakningen.

LES MEIR

10

Motoren kokar.

Du hev sannsynlegvis for lite kjølevæske.

LES MEIR

11

Treg gasspedal.

Det kann vera at lydisolasjonen under panseret hev losna, slik at han hektar seg fast i gasshendelen på dieselpumpa.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional