Attende
Motor
DYSER
Riksmål English



Dyse.

Dysene

DYSENE sprutar forstøva diesel inn i motoren. Er dei dårlege, må sannsynlegvis dysespissane skiftast. Men du kann jo prøva med dyserens fyrst.


Ei av dysene.


Skifting av dysespissar


Dysespiss.


Å skifta dysespissar er ikkje spesielt vanskeleg. Å skru dysene ut or motoren går greit, men å få opna deim kann vera tungt, då dei kann vera svært hardt attskrudde. Dei skal strammast 6,5 mdaN (65 Nm).

Etter du hev skifta dysespissane bør dysene trykktestast.

Reingjer godt, og pass på at koparskivene (helst nye) ligg på plass når du monterer dysene att. Stram 2,5 mdaN (25 Nm).

Ved fyrste uppstart vil startmotoren måtta gå ei stund (kanskje upptil eit halvt minutt) fyrr motoren startar.


Stram boltane på dieselreturen VELDIG forsiktig (maks. 1 mdaN (10 Nm)) slik at dei blå plastdingsane ikkje sprekk sund.
(Du kann få ein kraftigare type dieselretur frå Garage Hydraulique i Nederland.)




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional