Attende
Motor
DIESELFILTER
Riksmål English


Skifting

Dieselfilteret

Kor ofte du skal byta filter kjem jo an på kor langt du køyrer i året. Men kanskje annakvart år kann vera høveleg.

  1. Løys dei tvo skruane som held filterhaldaren og lyft upp.
  2. Set under nokot som kann samla upp dieselsøl.
  3. Del filerhaldaren og fjern det gamle filteret.
  4. Reingjer og kontroller at dreneringsholet ikkje er tett.
  5. Kontroller dei gamle pakningane evt. byt til nye.
  6. Set i det nye filteret og monter.
  7. Monter filterhaldaren på plass att.
  8. Opna lufteskruen som vender mot torpedoveggen og pump til det kjem ut diesel utan luftboblar. (Gjennomsiktige slange upp i ein liten behaldar.)
  9. Stram lufteskruen.
  10. Spyl vekk evt. søl.


Unngå å få diesel på hendene: bruk hanskar.


Drenering


Vatn og grums samlar seg i botnen av filterhaldaren, og bør av og til tappast ut. Gjerne kvar gong du byter olje.

  1. Løys dei tvo boltane som held fast filterhaldaren og lyft upp filteret.
  2. Opna dreneringsskruen i botnen. (Gjennomsiktig slange upp i ein liten behaldar.)
  3. Opna lufteskruen som vender mot torpedoveggen. No vil det renna ut vatn/diesel.
  4. Steng lufteskruen som vender mot torpedoveggen og deretter den i botnen.
  5. Monter filterhaldaren på plass att.
  6. Opna lufteskruen som vender mot torpedoveggen og pump til det kjem ut diesel utan luftboblar. (Gjennomsiktig slange upp i ein liten behaldar.)
  7. Stram lufteskruen.
  8. Spyl vekk evt. søl.


Um du inkje fær tappa ut, er dreneringsholet tett av sand: ta sund filterhaldaren og reingjer.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional