Attende
Interiør
4 SETER
Riksmål English

Ombygging av Breaken til firesetar

Baksete

Eg nyttar tvo passasjerseter, avdi det er lite slitasje på desse, og eg fær likt "understell". Dei hev same mynster og farge som dei andre seti i bilen (er rettnok serietvoseter, men det fær våga seg, eg skal ikkje sitja i deim likevel;).
Blir betre enn Prestige...;)


Baksete

Her er råma ferdig (sett bakfrå). Hev brukt gummi"føtene" frå baksetet på ein break.


Baksete

Prøvemontering av råma. Skrudd fast i framkant med fire stk åtte mm boltar i eksisterande fester. Hev ogso tenkt å laga tvo fester i bakkant i dei ledige beltefesti.


Baksete

Her er råma montert på plass.


Baksete

Baksete

Prøvemontering i bilen. Ser ut til å fungera greit, svært god plass til føtene, og du sit høgt slik at det er god utsikt framyver. Ryggane går det an å leggja nesten heilt bakyver. Sikringsbelti kjem på heilt rett plass.
Fyrr var det ein kamp um å få sitja framme.
No blir det vel omvendt. ;)


Baksete

Her er bakseti endeleg på plass. Råma er festa i bakkant med tvopunkts sikringsbelte. Midtarmlene manglar enno, men det kjem. (Blir litt konflikt med rygg-reguleringen på vinstre sete, men fær sjå.) Må laga fleire og kraftigare fester for sikring av gjenstandar i bagasjerommet, og montera eit kraftigt nett. Og kanskje dubbelt golv med uttrekkbar skuffe med plass til varseltrekant og verktøy etc.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional