Framsida
Elektrisk
BATTERI
Riksmål English

• Lad upp batteriet med batteriladar 2–3 gonger i året.

• Bruk helst ladar som koplar seg ut automatisk når batteriet er fullada.

   Ved start av bilen blir batteriet belasta.
   Under køyring ladar dynamoen, og batteriet blir fylt upp att.
   Men — ved mykje småkøyring vil ikkje batteriet få tid til å lada seg heilt upp, og vil gradvis bli nedtappa. Då må du av og til bruka batteriladar. Dette gjeld spesielt um vinteren, av-di ein iskald motor er tung å draga rundt, og varmetrådar og varmeseter dreg ekstra straum.

• Um ladelampen ikkje sloknar etter at bilen hev starta, er det berre å gjeva litt gass. Men vent til bilen har heva seg.

Problem

Batteriet ladar seg stendig ut, men ladelampen lyser ikkje.                                                        

   Dette kann skje dersom den tunne leidningen som er kopla til dynamoen er sund.
   Når du vrir på tenningen skal ladelampen lysa. Dersom han ikkje gjer det kann dette vera problemet.

• Sjå alltid etter um ladelampen lyser når du vrir på tenningen.


Her ser me at leidningen er av, og kabelskoen stend att.

Her er det påsett strømpe som forsterkning.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional