Framsida
Diverse
NY CX
Riksmål


Um dette er ditt fyrste
CX-kjøp er det lurt å ha med ein CX-kjennar. Men ikkje vent at han skal finna alle feili.

Ha ogso med:

  • Biltilsynet sitt skjema for eigarskifte.
  • Pengar.
  • Arbeidshanskar.
  • Eingongs vinylhanskar.
  • Sitjeunderlag.
  • Lykt med kraftig ljos.
  • Litt verktøy.
  • Prøveskilt eller tilhengar for frakt av bil. (Um bilen er avskilta og du er nokso sikker på kjøp.)


Um du med ein gong ser at du ikkje vil ha bilen: avslutt der og då slik at du ikkje kastar vekk seljar si tid. (Dersom du då ikkje veit um nokon andre som kunne tenkja seg bilen. Sei i sofall til seljaren som det er.)

  • Prøvekøyr bilen.
    • Få seljaren til å starta og sjå på eksosen.
    • Um det er dårleg fjøring treng ikkje det bety so mykje, då det sannsynlegvis berre er snakk um å skifta fjøringskulene.
    • Kontroller at rattet går attende til midtstillingen når du slepper det.
    • Kontroller at bilen gjeng beint.
    • Høyr etter um motoren fuskar og kjenn etter um han hev tilstrekkeleg drag.
    • Prøv alle gear.
    • Kontroller um clutchen er sliten.
    • Kjenn etter um ljosbrytaren blir varm.
    • Kjenn etter vibrasjonar.
    • Høyr etter ulydar.
  • Motoren:
    • Sjå etter um det er gråkvitt belegg på undersida av oljepåfyllingsloket. (Betyr skifting av toppakning, og kanskje ogso topp.)
    • Sjå etter lekkasjar.
  • Sjå etter um bakhjulene er kalvbeinte.
  • Tak på arbeidshanskar og jekk upp bilen.
    • Bend på hjulene med hendene plassert klokka 9 og 3 (her skal det framme vera ein ørliten slark, men det skal ikkje koma klakkelyd), og klokka 12 og 6.
    • Lyft hjulene upp og ned.
    • Snurr på bakhjulene.
  • Sjå etter rust. (Hav med ei kraftig lykt og eit sitjeunderlag som du kann plassera knei på når du skal sjå under bilen. Hugs ogso å sjå under dørene og under bakluka/loket.)
  • Um motoren har turbo: snurr turboen rundt med fingrane for å kjenna um han gjeng lett.


• Undersøk um det er heftelsar på bilen.

• Ver sikker på at vedkomande du kjøper av er rette eigar. (Be um å få sjå legimitasjon og kontroller at same namnet står i vognkortet.)

Um det er skilt på bilen:

  • Undersøk um årsavgift for inneverande år er betalt.
  • Du ordna forsikring på bilen fyre henting.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional