Framsida
Interiør
NAKKESTYTTER
Riksmål English


Problem

For låge nakkestytter framme.


Ny nakkestytte.

Nakkestyttene

Ved å ta ei nakkestytte frå baksetet på ein Break og montera henne framme, vil du få ei kraftigare og høgare nakkestytte. Og ho vil koma nærare hovudet. (Kanskje for nær for enkelte.) Sidan festi i ryggen er ulike, må du kombinera skjeletti frå båe nakkestyttene.

  1. Ta av trekki på båe nakkestyttene. (Kanskje dei no skal vaskast?)
  2. Skjer upp undanfrå og ta ut metalldelene.
  3. Ta av dei tvo plastlistene på Break-delen, og dei tvo kvite plastdingsane på framsetedelen.
  4. Sag vekk 13,9cm av festet på Break-delen.
  5. Sag vekk 5,6cm av bøylen uppe på framsetefestet (piler).
  6. Stikk Break-delen ned i framsetedelen (prikka linje).
  7. Sveis fast ein bolt el.l. ved 2xA.
  8. Sveis fast bolten ved B.
  9. Ha på rusbehandling og svart lakk.
  10. Set på plastlistene og dei kvite plastdingsane.
  11. Press festet inn i skumplasten og lim att.
  12. Ha på trekket.


Nakkestøtte Nakkestøtte Baksete Break og framsete.

Samansetjing (baksida).

Ferdig sveist.



Opp

Valid XHTML 1.0 Transitional