Attende
2011
2015
Riksmål English

  2 0 1 5     2 0 1 4     2 0 1 3     2 0 1 2     2 0 1 1  

H e l g e   u m   l i t t   a v   k v a r t . . .
10. desember 2015

Nye dekk
  Kjekt å fenga på nye dekk med ekstra mange piggar.

9. oktober 2015

Vegskilt
  Er du ute og går i myrkni, og kjem i nærleiken av eit vegskilt, ser ikkje billistane deg, same kor mykje refleksar du har på deg. Dei ser berre skiltet.
  Kvifor skal vegskilti ha slik VOLDSOM refleks?

9. juni 2015

Paraply
  Bakluka er fin å bruka som paraply når det høljeregnar. Og ein treng ikkje slå saman stativet når det skal på plass i bagasjerommet att.

28. februar 2015

Årsavgift 2015

  So kom det enno ein gong dumpande tvo krav om betaling av årsavgift: 3060 for C6'en, og 435 for CX'en (mot 3490 i fjor, då hadde han 'kje pensjonist-rabatt).

  Men kva er no denne årsavgifti for nokot? Nokon kallar det vegavgift, men det er det ikkje, då me må betala same beløpet om me køyrer 0 eller 30.000 km i året (vegavgift betalar me gjenom avgiftene på drivstoffet). Andre kallar det luksusavgift, men det er ikkje luksus å ha bil dei fleste stadar i Noreg. Nei, denne årsavgifti, det er rett og slett ran på ljose dagen! Kvar einaste vår kjem staten og seier: -Gje meg pengane dine, ellest...!

  Hev du forresten lagt merke til at namnet på kravet er skrive med BLOKKBOKSTAVAR, medan namnet til pengemottakaren er skrive på normal måte? Det same gjeld for kringkastingsavgifti til NRK. Men namnet ditt skriv du då ikkje med blokkbokstavar? Kanskje desse urettmessige kravi er sende til ein oppdikta person med eit namn som liknar ditt...


2. februar 2015

Hjort i vegen
Hjort i vegen


 
  
  Det er mykje snø (2,3 meter der eg bur) so det er nok freistande å bruka vegen, ogso for dei firbeinte.

. . . s t o r t   s e t t   b i l r e l a t e r t ,   m e n   i k k j e   a l l t i d . . .




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional