Attende
2011
2013
Riksmål English

  2 0 1 5     2 0 1 4     2 0 1 3     2 0 1 2     2 0 1 1  

H e l g e   u m   l i t t   a v   k v a r t . . .
24. desember 2013
CX

  Fortsatt såpeglatt... og det er tri kilometer med stupbratt, smal og svingete veg opp i fjelldalen der eg bur.
  Måtte setja på kjettingar enno ein gong, og for at CX'en ikkje skulle reisa skreiande bakover måtte eg klemma bakenden fast i brøytekanten.
  Kanskje ikkje so veldig vakkert bilete å koma med på jolafta, men likevel: God Jol!

11. desember 2013
CX

  Såpeglatt...
  Etter nesten å ha vunne opp ein lang bratt bakke, reiste CX'en skreiande bakover (angra litt på at eg ikkje hadde teke C6'en akkurat då...) og havna etterkvert med eine framhjuli nedi grøfti.
  Då eg steig utor måtte eg halda meg fast i bilen for ikkje å reisa skreiande vidare nedetter på skosålane. Men, med litt Ice-Crust under hjuli utpå isen og CX'en i terrengstilling fekk eg rygga meg inn på vegen att, berre for lenger nede å havna i grøfti ytterlegare tvo gonger!
  Til slutt fekk eg no endeleg lurt CX'en ned på flata og sette på kjettingar.

13. november 2013
CX

  Ser ikkje helt bra ut bak; må snart få på att skjermane og rette støytfangaren...

20. september 2013
CX




  Vel — då hev CX'en fenge "ny" bakråme, "ny" topp og "ny" bakre eksospotte...

  ...men, kvar gong eg hev ordna éin feil ser det til å dukka opp 2-3 nye...
15. august 2013
Bakråmer




  Då var den gamle sundrusta bakråma endeleg demontert. Slitsam jobb!

  Dei 28 naglane ho er festa til midtråma med er av alt for bra kvalitet.
6. august 2013
Røyk



«DET BRENN I GARASJEN!!»


  Brann? Nei, det er røyksignal: «Hjeelp, eg må ha ny topp!»

24. juli 2013
Bakråme


BAKRÅMA


  Bakråma på delebilen var heldigvis bra. Og lett å få av, ettersom bilen ligg opp-ned.
3. juli 2013

Dust

  Ikkje kjekt å treffa på slike; dusten sat nok med nasetippen ned i gluptelefonen sin...
  Og ja, han fekk høyra den vakre ljoden frå fire CX-horn...

27. mai 2013
Transport


CX2-TRANSPORT


  Ein CX kann fraktast på ymse vis.

21. mai 2013

Hjort

  Greit med hjortar som står i ro. Verre er det med deim som bykser inn i vegen rett framfyr nasen på deg.
  (Ikkje sjå for mange gonger på denne videoen, for då kjem du til å bli bilsjuk. )

10. mai 2013

Syklist

  Ser du syklisten? Nei? Ikkje so løge; idioten hadde verken ljos eller refleks.
  Du anar honom berre som ein svart skugge som susar forbi på vinstre sida mot slutten av videoen.

3. mai 2013

Vinter

  Prøvde med sumardekk att i dag; og det gjeng fint so lenge ein tek det roleg på flata og køyrer seint i nedyverbakke. Men er ein uvøren er det fort at ein «parkerer» slik som han her...
  På slikt føre er ABS nokot stort TØV, for ein stoppar jo ALDRI, reiser berre skreiande med vibrerande bremsepedal. Med låste hjuler ville snøsørpa hopa seg opp framfor hjulene og dekki ville teke nedi asfalten og skapt friksjon. Og ved å pumpebremsa ville ein likevel behalda styringi. (Ja, eg HAR prøvd dette; CX'en hev nemleg ikkje ABS.)

2. mai 2013

Vinter

  I dag er det 2. mai og ikkje berre er det fortsatt vinter; men ogso snøstorm...

24. april 2013

C6 CX


                FORTSATT VINTER

  Eg vakna i dag tidleg av at det datt snø frå taket, og ikkje lenge etterpå kom brøytetraktoren.

  Då eg keik ut kjøkenglaset fekk eg sjå ein C6 i 10-15 cm blaut nysnø, og temmaleg skeptisk såg han ut til å vera, der han stod på sine 25 cm breie sumardekk.

  Men oppi garasjen fann eg ein CX i vinterdvale, og etter ein helder tung oppvakning vart han ivrig som berre det. For han hadde piggdekk.




22. april 2013

Sløving Sløving

VINGLETE KØYRING

  I dag tidleg tok eg att ein traktor som breia seg godt; det vart ei trong forbikøyring. Og ikkje mange minuttane etterpå trefte eg på endå ein vinglete type; han hadde båe vinstrehjulene på feil side av midtstripa.

  Lurar på korleis det gjekk då desse tvo møttest...


17. april 2013

Vassplaning

  Ovseleg med regn; snøsmelting; tette stikkrenner...
  Blir det gale nok kann det henda at bilen din vil prøva leika båt...

10. april 2013

Buss Buss
HØGREVRI?

  Det er mange som køyrer rundt med berre èi fungerande framlykt no til dags, ettersom ein må på verkstad for å få skifta pære på dei fleste nyare bilar.
  Og i dag tidleg fekk eg jammen ogso auga på ein buss med ljos berre på eine sida. Greidt nok det, men berre èitt minutt etterpå trefte eg på endå ein buss, ogso han med ljos berre på høgre sida!
  Det er vel snart stortingsval; lurar på om buss-selskapet her prøver å formidla ein bodskap til oss?


16. mars 2013

Brann Brann Brann
UMVEG

  Då eg skulle heimatt ijaftes fekk eg atter ein gong sjå blåljos; og trur du ikkje det var på akkurat same plassen som denne øvingi fann stad! Men no var det ikkje øving, det var brann i eit hus, so eg måtte snu, og fekk tips um å køyra etter ein smal traktorveg på andre sida av elvi. Slett ikkje berekna på bilar, men det gjekk no greit...

   ...heilt til eg trefte på ein med hest og kjerre. Han tykte fyrst ikkje noko særleg um at eg dreiv og køyrde etter hans private veg, men mildna fort når han høyrde grunnen. Og so fekk me no etter kvart lirka oss forbi kvarandre på den smale skogsvegen.


18. februar 2013
Vinter


SMALE VEGAR


  Av og til passar ein på å halda sida si ekstra godt.

  For — det er sikkert ikkje mykje deformasjonssoner på ein slik doning.


28. januar 2013
Warm Mates


FROSE TANKLOK


  Då eg skulle fylla drivstoff i gårkveld var tankloket alldeles attfrose. Men ikkje nokot problem; eg hadde då med meg mine varme kameratar...

   ...og i dag tidleg måtte dei som vanleg kokast for å koma i form att.


. . . s t o r t   s e t t   b i l r e l a t e r t ,   m e n   i k k j e   a l l t i d . . .




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional