Attende
2011
2012
Riksmål English

  2 0 1 5     2 0 1 4     2 0 1 3     2 0 1 2     2 0 1 1  

H e l g e   u m   l i t t   a v   k v a r t . . .
31. desember 2012

Godt Nytt År!

24. desember 2012

God Jol!

19. november 2012
Vinter


GLATTE VEGAR


  Enno ein som hev hamna i gryfti; det er glatte tider.

  Eg køyrer med gule pærer, men dei gjev dårleg ljos no i myrke og regn. Fær nok skifta til vanlege, so blir kanskje filmarne litt ljosare ogso.


1. november 2012
Vinter


GLATT


  Upp frå der eg bur er det ein nokso bratt bakke. For å vinna upp der um vinteren må eg hava bra fart.

   I dag vart nok farten litt i høgaste laget.


26. oktober 2012
Vinter

VINTER


  So vart det brått vinter. Det forstod eg allereide klokka halv fire i natt, då eg vakna av brøytetraktoren.

   Og glad var eg — for at det ikkje var eg som måtte upp so tidleg.


19. oktober 2012
øving

BLÅLJOS


  Då eg skulde heimatt i-jaftes, vurderte eg – som alltid – um det skulde vera naudsynt med eit toalettbesøk fyrst. Berre for å vera på sikre sida. Men tenkte som so, at: køyreturen tek då berre førti minuttar.

  MEN — halv-veges fekk eg sjå eit hav av blåljos! Og tenkte, at no blir eg sitjande og venta her i timasvis! Det var naturlegvis ikkje det eg skulde tenkt; eg skulde tenkt at: uff, no er det nokon som hev skada seg her!

  So var det altso berre ei øving, eg slapp forbi med det same.

  Slikt lærer ein av; heretter skal eg nok satsa på toalettbesøk fyrr køyreturen, enten det trengst elder ikkje.


8. oktober 2012

I gryfti

I GRYFTI


  Det er haust med tidvis glatte vegar.
  Køyr varsamt!

16. september 2012
Dobbelseng

DOBBELSENG


  Å fenga plass til ei dobbelseng i ein CX?

  Ikkje nokot problem.


15. september 2012
Bakseter

BAL


  So var det ut med bakseti atter ein gong. For det er stadigt nokot stort som skal fraktast; denne gongen er det ei dobbelseng.
  Det er myket bal å slita på desse seti; kanskje skal eg montera inn det originale baksetet att?


5. september 2012

Forbikøyring

  Fyrst såg eg eit skilt som varsla oljesøl. Deretter ein varseltrekant og ein bil som låg på taket.
  Då tenkte eg at det kanskje var greidt å sakka farten litt...

  (Dei tvo i bilen kom heldigvis uskadde frå det.)

15. august 2012
Sveising
Sveising




















Akutt

  Me (elder rettare sagt broderen) måtte til å sveisa på CX'en i-jaftes; eine upphenget bak hadde rusta tvert av. Merka det på at det kom eit kraftig smell bak når eg køyrde yver holer.

  Godt å sleppa vera avhengig av verkstad.



13. august 2012

Forbikøyring

  Eg vart so distrahert av fyrstemann som kom med fullt langljos, at eg nesten ikkje oppdaga at det fyregjekk ei forbikøyring... skummelt!
  Gong på gong hev eg sagt til meg sjølv at eg ikkje skal glo inn i lykterne på møtande bilar, men...

8. august 2012

Ender



TVOBEINTE


  Brått var dei berre der; dukka upp frå ingenstad. Endå godt dei ikkje kom frå høgre sida.
  I spegelen såg eg den fremste standa på midtstripa og virra med hovudet; var nok rimeleg fortumla.


29. juni 2012

Med tanke på det me sér nedanfyr her, vil eg gjeva att eit dikt. Det er so bra at ein skulde tru eg hadde laga det sjølv.

  Køyrer du forbi
  med bil i mot
  du idiOT

  Kvat hastar slik
  må du avstad og tisse
  du fjompenISSE

  Tak det roleg
  av tid hev du flust
  du megadUST

  Under torvi tidsnok du fér
  um du ikkje min CX skal karve
  du råtalARVE


28. juni 2012

Last



DÅRLEG SIKRING


  Han her hadde ikkje sikra lasti si noko særleg...

  Men flink til å springa, det var han iallfall.


23. juni 2012
Utlending

Livsfarleg utlending


  Vart liggjande bakum ein utanlandsk turist i gårkveld, og: han heldt nokonlunde bra fart, og var flink nok til å halda sida si...

  ...bortsett frå dei 5-6 gongerne han kom heilt skeivt ut...

17. juni 2012
Bubilar


Hmm...?


  Me er mykje plaga med bubilar her um sumaren; dei køyrer seint, og er stort sett ute av stand til å halda sida si. Ja — det er nesten betre å treffa på ein lastebil enn ein bubil.

  So då eg i dag tidleg fekk auga på tvo bubilar som hadde klakka burti kvarandre, var det nesten so eg vart litt munter...

3. juni 2012
Motorsykkel

Kvat...?

  Kaldt og surt var det i dag tidleg, då eg rundt ein sving fekk auga på nokot som fyrst såg ut som ein bil.
  Deretter vart det nokot merkeleg.
  Og so oppfatta eg endeleg at det var ein motorsykkel.

  Men han var so breid bak at han kunde no likagodt køyrt bil, og site der varm og turr.

23. mai 2012

Sving

BRA FART


  Han her hadde det bra travelt... det var nesten so eg skvatt...

  Men han var iallfall flink til å halda seg på rett side av vegen.


2. mai 2012

HJORT?

   I gårkveld spratt det tvo flotte hjortar yver vegen framfyr CX'en, og eg tenkte: at eg ikkje fekk filma dette!
   So i dag sette eg upp eit kamera, og ja — visst spratt det noko yver vegen framfyr CX'en i dag ogso; sjå her.
   (Og ja — eg måtte bremsa litt...)


14. april 2012

CX
   Dette var i dag tidleg... og fyr ikkje so mange dagarne sidan hadde me fjortan kuldegrader...
   ...men no hev eg skifta til sumardekk... so fær det berre koma so mykje snø det vil, eg køyrer uansett.

12. april 2012

FORTSATT VINTER

   Trur du ikkje at eg måtte sopa snø av CX'en i dag ogso; ikkje skikkeleg vår enno, ser det ut til. Men um det er dårleg vêr, kann det jo bliva artige bilete likevel.
   MEN — hev du sett slikt: panoramaprogrammet hev laga til tvo vindaugsviskarar på CX'en!

5. mars 2012

LUFTVEGSPROBLEM

Luftfilter    CX'en hev ikkje fenge nok luft. Difor hev det kome nokot grassat med brunsvart røyk utor bakenden på honum når eg hev trødd inn gasspedalen. Og han hev nesten ikkje klart draga seg upp bakkarne.
   Eg hev fenge høyra frå folk rundt meg, at DEN motoren er ferdig! Lever heile greida til vraking! Uff!
   Men — eg hev tenkt som so, at motoren hev då berre ganget tri-fire hundrad tusund — og det er då ingen ting fyr ein Citroëndiesel.
   Og løysingi var latterleg enkel: luftfilteret var pottetett! Hadde voret inne på tanken, men det SÅG heilt fint ut, og var 'kje so gamalt, so...
   I påvente av nytt filter hev eg operert inn ein bite nytt filter (støvsugarpose;) i det gamle, so no gjeng CX'en som eit skot.

29. februar 2012

BENSINFYLLINGKLUSS

Tanklok    CX'en er ikkje heilt frisk. Det kjem kollosalt med brunsvart røyk frå eksosen i uppyverbakke. So eg hev måtta låna meg ein bil. Ein liten japanar.
   Ettersom tanknåli var kome under null i dag, fann eg ut at det kanskje var lurt å køyra innom ein bensinstasjon. Slik i alle tilfelle.
   Det var ein ledig plass attmed pumperne, men slik at eg måtte snu og rygga meg på plass. Eg so gjorde, og oppedaga deretter at tankloket var på feil side av bilen! Av stad og snu ein gong til, men no hadde det sjølvsagt kome ein annan og teke plassen. Men so vart det ein ledig plass på andre enden av pumperne, so rundt heile plassen og endeleg!
   Berre for å oppedaga at eg hadde klart å køyra meg innåt pumperne med feil side enno ein gong! Grrr...

6. februar 2012

"CXKLYPPING"

Snø    I dag tidleg vart det atter ein gong til med utgraving av CX'en frå dette kvite som stendig driv og dett ned frå oven.
   Då eg dreiv og sopte, kom eg til å tenka på — av alle ting — saudaklypping! (Inkje hev eg drive med det sjølv, men eg hev då sétt det vorte gjort.)
   For — når ein er ferdig blir det liksom so lite att av sauden (og sameleis av CX'en; klikk på biletet so skynar du kvad eg meinar).

31. januar 2012

BITANDE KALDT

Gradestokk    Det var bra med minusgrader i dag tidleg, det var nesten so augnaloki fraus fast den korte stundi eg var ute fyr å setja på kupévarmaren i CX'en.
   Ja, berre kupévarmaren, for motorvarmaren hev gjeve upp og inkje er det råd å få tak i ny. So dermed vart det jo spanande um eg fekk start.
   Lang gløding, rundt med lykjelen og jammen starta han på fyrste forsøk, men berre med halve motoren, høyrdest det ut til. Men etter ei stund livna resten til ogso, og han byrja dura med grom lyd. Ikkje verst, med 27 år gamall dieselmotor, bittelite 20 år gamalt batteri (Optima), 20 minusgrader og ingen motorvarmar.

10. januar 2012

DÅRLEG SIKT

Dårleg sikt    I dag var det DEN dagen: Det lavsnødde, og på veg til arbeid måtte eg tri gonger ut og skrapa is av framruteviskaren, og til slutt havna han frampå panseret! Og fastnyklarne låg att heime! Då var rådyra gode, som han sa.
   Etter febrilsk leiting gjennom ein rotebag eg alltid hev i bilen, dukka det jammen upp tvo fastnyklar i ein sidelomme! Og den eine var 13mm!
   So tak deg no ein spasertur ut til CX'en din og stram muttaren på viskaren, slik at du ikkje kjem upp i same elendet som meg.


. . . s t o r t   s e t t   b i l r e l a t e r t ,   m e n   i k k j e   a l l t i d . . .




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional