Attende
2011
2014
Riksmål English

  2 0 1 5     2 0 1 4     2 0 1 3     2 0 1 2     2 0 1 1  

H e l g e   u m   l i t t   a v   k v a r t . . .
24. desember 2014
Kjetting Kjetting

Ekstremt glatt

  C6'en tek seg mykje betre fram om vinteren enn CX'en, men må likevel gje tapt av og til. So etter å ha reist skreiande bak­lengs 15 meter var det ikkje anna råd enn å setja bakenden i brøyte­kanten (var ubehageleg nær auto­vernet av og til) og setja på kjettingar.
Kjetting
  Som me ser her var det like glatt morgonen etter; måtte setja på kjettingar i nedover­bakke. For so snart eg prøvde bremsa skaut bilen avgarde i ein for­ferdeleg fart.

  God jol!
16. september 2014

Rev over vegen

  Denne reven hadde ikkje mykje tid på seg...
  ...og han mysste nok nattsynet sitt for ei stund.

12. september 2014
Nedsetjing av brøytestikk

VARSEL OM KALDARE TIDER


  Vinteren nærmar seg...

  ...for i dag tidleg møtte eg ein traktor som dreiv og sette ned brøytestikk.
2. juni 2014
CX blir snudd

SNUOPERASJON


  Då havna dele-CX'en på ryggen att. Skal prøva få ut drivakslingane og ymse anna.

  (Og om CX'en vart skadd då han havna i gryfti? Nei, ikkje i det heile. )
15. mars 2014
Glatt

SØRPEFØRE


  I gårkveld havna CX'en i gryfti enno ein gong...

  So i dag tok eg C6'en, for han hev antiskrens.

I gryfti
2. februar 2014
Kjetting

Vinter?

  Det hev vore ein merkeleg vinter; snøfritt og sumarføre dei fleste plassar.
  Bortsett frå upp i dalen her eg bur; me hev både snø og såpeglatt veg rett som det er.

  Det er nesten so eg kunne ynskt meg antispinn på CX'en...
. . . s t o r t   s e t t   b i l r e l a t e r t ,   m e n   i k k j e   a l l t i d . . .




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional