Framsida
Bremser
BAK BREAK
Riksmål English

Break, som er berekna på tyngre last, hev ventilerte bremseskiver bak.

Bakbremsene

Bakbremsene er ikkje alltid so mykje i bruk, og hev lett for å "gro fast". Dei må difor kontrollerast med jamne millomrom. Og ta gjerne nokre kraftige nedbremsingar når du hev tungt lass.

Bremseklossane må ha tilstrekkeleg med bremsebelegg, og må kunna bevega seg fritt.

Bremseskivene må vera blanke på båe sider, og tilstrekkeleg tjukke.                                                        


Bremsebelegg
Min. 3 mm

Bremseskive break
Min. 16 mm                                      


1Brake caliper
2Brake disc
3Set 4 brake pad (bremseklosser)
4Caliper piston
5Piston seal
6Piston seal
7O-ring seal
8Brake pad spring
9Guard sheet met
10Guard sheet met
11Pin
12Pin
13Drain screw

Bakbrems

Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX


14 Drain screw cap
15 Capscrew
16 Capscrew
17 Capscrew
18 Capscrew
19 Capscrew
20 Stud
21 Piston washer
22 Plain washer
23 Spring washer
24 Fixing washer
25 Nut

Skifting av bremseklossar


  • På caliperen er det eit deksel (10) festa med ein lang bolt (18). Løys bolten litt og pirk laus dekselet med eit flatt skruejarn.
  • Skru av muttaren og dra bolten ut medan du klemmer bøylen (9) litt inn.
  • Ta ut bremseklossane.
  • Reingjer godt. Blås reint med trykkluft.
  • Legg inn tvo tunne kryssfinerplater på storleik med bremseklossar (for å verna bremseskiva). Bruk eit stort skruejarn el.l. og press båe stempeli heilt inn. Ta ut kryssfinerplatene.
  • Set i nye bremseklossar (pass på at bremsebelegget vender mot bremseskiva). Klossane må kunna bevega seg fritt.
  • Legg bøylen på plass og set i bolten (ha litt koparpasta på båe). Skru muttaren litt på.
  • Set på dekselet og stram til.
  • Køyr inn bremseklossane.

Caliper med avteke deksel.

Skifting av caliper                                                


  • Skru av hydraulikkrøyri.
  • Ta ut bremseklossane.
  • Skru ut dei tvo boltane som held caliperen på plass.
  • Ta av caliperen (pass på å ikkje få hydraulikkvæske på bremseskiva).
  • Reingjer den nye caliperen og press inn båe stempeli.
  • Bruk ei trikantfil og fil upp området der bremseklossane skal bevega seg (um du set på ein brukt caliper).
  • Skru på caliperen (pass på at O-ringen er heil og at det er reint på båe flater). Stram 7 mdaN (70 Nm).
  • Skru på hydraulikkrøyri.
  • Monter bremseklossane.
  • Luft bremsene (med bilen i yvste stillingen).

Press inn stempel på denne måten.

• Fram- og bakbremsene er uavhengige.

• Bakbremsene er lastavhengige. Til tyngre lass du hev, til kraftigare bremsevirkning vil du få.

Skjema
Teikningen er lånt frå servicemanualen til Citroën CX

Deksel

Fyrr.

Deksel

Etter.

Reparasjon av bremseskjold

Bremseskjoldi kann vera nokso gjennomrusta, so det er best å fenga ordna deim jo fyrr jo heller. Du tek deim av ved å skru ut tri småe boltar. Dersom desse er fastrusta, er det fort gjort å vri deim av. I sofall borar du upp nytt hol og lagar nye gjenger.

Skrap vekk all laus rust med eit gamallt hoggejarn og puss med stålbørste. Ha på rustbehandling, og deretter grunning el.l. Dersom der er hol, klistrar du fast aluminiumslimband på båe sider av desse. Og so tvo lag med svart lakk, og evt. eit lag understellsbehandling.

Når du monterer må du passa på at den yvste og nedste skruen (19) vender mot deg (at du ikkje set deim i frå baksida). Og at bremseskjoldet er snudd rett veg (um du tenkjer deg skjoldet som ei skål, so skal yversida venda mot deg). Ha koparpasta på gjengene til skruane fyrr du set deim i.

Nye gjenger.

Pass på at bremserøyri ikkje tek borti bremseskjoldet.

Bremserøyr Break venstre side
Bremserøyr for break, vinstre side.


Pakningar Pakningar for hydraulikkrøyr.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional