Køyring.
Bruk kontraſtyring: ſtyr forſiktig i motſett retning av dit du ſkal.
Skal du t. d. mot vinſtre: ſkyv vinſtre hand framyver og trekk mot deg med høgre hand.
På veg ut or ſvingen gjev du gaſs ſlik at motorſykkelen rettar ſeg opp att.
Når du ſkal ſkifta gear ſtartar du ikkje med å klemma inn clutchen.
Du klemmer inn clutchen fyrſt etter at du hev byrja leggja press på gearpedalen.
Hauſt.
Um hauſten kann du treffa på "ſvart is": det ſér
kanſkje ut ſom vatn, men det er is, gjerne med vatn oppå.
Lauv og barnåler kann hava is under og vera ſuperglatte,
ſjølv um vegbana elles er turr og fin.
Myrkekøyring.
Fyrr du ſtartar turen: paſs alltid på å turka av lykti med ein klut.
Dette er ſpeſielt viktig om morgonen, då ho kann vera dekka av dogg.
Ta ſolviſiret eit ſtykke ned, men ikkje ſo langt ned at du ſér gjenom det.
Det vil ſkjerma gateljos, og ved å bøyga hovudet litt ned kann det ogſo
ſkjerma bilar ſom kjem i mot med fullt ljos.
Køyr roleg når det regnar, ſpeſielt i ſvingarne.
Dyr er ofte aktive i myrkni, og avdi du ikkje ſit inni ein
bil er dei like farlege for deg ſom du er for deim.
Sko og kle.
Bruk vaſstette ſtøvlar og handſkar, og vaſstett bukſe og jakke.
Alt må vera godkjent for motorſykkelbruk.
Ha i tillegg ein regnjakke (med høg krage) og "rainlegs" (ſom
dekkar kne og overſide
på lår) for ekſtra blaute dagar.
Jakken og regnjakken må vera høgſynlege. Om ikkje må du ogſo ha ein
god refleksveſt. T. d. ein av
Oxford
ſine.
I tillegg må du ha godkjent heilhjelm, ſamt ryggſkinne og nyrebelte.
Og noko å ha rundt halſen.
Du treng ogſo ei ſkuggehue: ho brukar du når du ikkje hev hjelmen på deg.
Ho fungerer glimrande både i regn og i ſolſkin.
Hjelm.
Bruk heilhjelm med innebygd ſolviſir.
Paſs alltid på at du feſtar hakebandet. Tel kor
mange knepp du fær; då er det lettare å hugſa om du hev feſta det.
Solviſiret tek du ſo langt ned at det ſkjermar mot ljos himmel og lampar i tunnelar.
Hev du Soli i mot deg tek du det ſo langt ned at det ſkjermar
Soli, men ikkje ſo langt ned at du ſér gjenom det.
Når du ſkal reingjera viſiret: bløyt eit papirhandkle med reint kaldt vatn
og lat det liggja på viſiret nokre minuttar. Bruk det deretter til å turka reint
og avſlutt med å turka med eit turt papirhandkle.
Refleksveſt.
Du treng vanlegvis ikkje driva å ta av og på refleksveſten. Berre lat han hengja på jakken.
Regnjakke.
Kragen må vera høg, ſpeſielt bak, ſlik at du ikkje fær regnvatn innpå halſen. Um han hev hette kann du kanſkje klippa av og ſy til denne ſlik at ho fungerer ſom krage.
Rainlegs.
Feſt bobleplaſt på underſida. Sy faſt ſtoff (gjerne frå ein gamal paraply) rundt kantarne på bobleplaſten og monter trykknappar.
Handſkar.
Forleng handſkarne (gjerne med ſtoff frå ein gamal paraply) og ſet i ſtrikk. Då unngår du at regnvatn renn inn i handſkarne. Høveleg lengd på manſjetten kann vera 6 cm.
Skaff deg gjerne oppvarma handſkar; det er meir flekſibelt enn å
montera oppvarma ſtyreholkar,
då du ogſo kann bruka deim på elſykkel og ſnøſcooter o. l.
Styrevottar (bar-mitts) held handſkarne dine turre.
Parkering.
Parker alltid i fyrſte gear. Vri ſtyret heilt mot vinſtre og lås det.
Stig av og på med høgrefoten på høgre fotſtøtte:
paſs på å balanſera ſlik at
du ikkje veltar motorſykkelen mot deg, og helder ikkje belaſtar
ſideſtøtta ekſtra.
Gjerer du det rett ſkal ſideſtøtta ha
mindre belaſtning medan du ſtig av og på.
Set eit høgſynleg merke på ſideſtøtta ſlik
at det er lett å ſjå at ho er heilt nede.
Og ha alltid med noko i ein ytterlomme ſom du kann leggja under ſtøtta ved behov.
Runa brukar ein flatklemd bruſbokſe.
Parkerer du på ei mark må du leggja noko under.
Om du parkerer på ſkrått underlag: paſs på at framhjuli
ſtend høgare enn bakhjuli.
Medbragt.
• Førarkort og vognkort.
• Eit lite verktøyſett føl vel med motorſykkelen.
Pluſs gjerne på med litt meir.
• Ein klut til å turka av henderne og ei
liti pakke med våtſerviettar, ſamt ein liten bospoſe.
Evt. litt toalettpapir.
• Eit lite fyrſtehjelpsſett. Legg oppi ein boks med tanntråd.
• Ein kompakt paraply.
• Ekſtra handſkar.
• Lufttrykkmålar (og evt. pumpe).
Ymiſt.
Hev du tvo bakljos på motorſykkelen din? Plasſert attmed kvarandre?
Då lever du farleg når du køyrer i myrkni.
Fær du ein ſjølvkøyrande
Teſla bakom deg trur han kanſkje det er ein bil.
Og etterſom bakljoſi ſtend ſo tett ſaman må jo bilen då befinna ſeg langt,
langt framanfor, ikkje ſant? So den dumme Teſlaen gjev gaſs og køyrer rett i deg.
På andre ſida av Atlanteren er minſt tvo motorſykliſtar drepne på denne måten.