2025 2024 2023 2021 2011 2003 1974 1963 1958 1930 1926 1916  1913 1907  1906 1875  1858  1838  1600 
2 4 d e a p r i l 2 0 2 5 .
Jellbakken.
Uti Jellbakken blir grovi lagt i ny røyr under vegen.
Jellbakke tyder forøvreg bakke med ſkrinn vokſter.
Litt lenger oppe var det fyrr ein dam der ungarne var og bada rett ſom det var.
På nedſida var det udyrka fellesareal
ſom ſeinare gjekk yver til Raſmushaugen.
Som me ſér er det i motſetning til i fjor
tidleg vår: d'er neſten ikkje att ſnø.
5 t e a p r i l 2 0 2 5 .
Sogn Avis. Atter ein gong er det meldt um eldspåſetjing ſeint ein laurdagskveld; fyrre gong var 4de mai i fjor.
Meld frå til politiet um du veit noko.
9 d e ſ e p t e m b e r 2 0 2 4 .
Styrtregn 2.
Atter ein gong gjekk Joſtedalselvi uppi ſtrengjabrui heimanfor Leirmo. Som i fjor den 11te; altſo omtrent ſame datoen, ein ſkulde neſten tru det ovſelege regnet var menneſkeſkapt... Måndag i veke 37 i fjor; måndag i veke 37 i år; blir det måndag i veke 37 neſte år ogſo? (Kanſkje ikkje um dei lés dette;) Det vil i ſofall bli 8de ſeptember 2025.
2 3 d e a u g u ſ t 2 0 2 4 .
Kjemikalieſtripor.
Deagel ſine
ſpådomar
um befolkingsnedgang — deſs
ſtørre nedgang i eit land, deſs meir ſprøyter dei der:
I Storbritannia og USA ſprøyter dei voldſomt,
og der er det ſpådd ein nedgang på 77,1% og 68,5%.
I Norge ſprøyter dei meir ſporadiſk, og her
er det ſpådd ein nedgang på 24,5%.
I Aſia er det ikkje ſpådd nedgang i det heile, og
der ſer ein helder ikkje kjemikalieſtripor (David G. Mahoney hadde nyſs ein lang rundtur
der og ſåg ikkje ei einaſte ſtripe).
Kann det vera ein ſamanhang?
Og korleis ſér du ſkildnad på
kjemikalieſtripor og kondensſtripor?
Kondensſtriporne blir heilt vekke eit ſtykke bakom
flyet; kjemikalieſtriporne derimot: dei
blir kje vekke, men ſpreier ſeg utyver ſom ulldottar.
Biletet frå Leirdalen er teke 23de april 2022 kl. 5:30, det i Gaupne 20 minuttar ſeinare.
So på kort tid hev me altſo her tri ſtripor jamſides.
4 d e m a i 2 0 2 4 .
Skogbrand.
Laurdag ved midnatt var det ſkogbrand i ſvingen nedom der nyevegen ſluttar.
Der ligg det ogſo fullt av ſigarettſneiper: om det er dei ſom hev forårſaka det brende graſet veit eg ikkje.
1 1 t e ſ e p t e m b e r 2 0 2 3 .
Styrtregn 1.
Svært ſjeldan ſér me Joſtedalselvi ſo ſtor at ho tek oppi ſtrengjabrui heimanfor Leirmo.
3 d j e a u g u ſ t 2 0 2 3 .
Jordbær.
Ei ſom jobbar på eit ſamyrkelag i Sogndal kunde opplyſa at no ſelde dei jordbær frå Leirdalen.
– Og det er flotte bær, ſa ho.
2 0 2 1 .
Ras.
Det gjekk eit gaſtart ſteinras nedom Leirmokleivi.
Skaden vart ikkje ferdig reparert fyrr ſumaren etterpå, etterſom det då vart lagt ny aſfalt frå innom Hauglund til rett nedom rasſtaden.
2 0 1 1 .
"Dagmar".
Um kvelden 25de og natti til 26de deſember var det eit ovſeleg uvêr, kanſkje det verſte i manns minne. Taket yver ſiloarne på nyefjøſen i Andersgarden bles av, taket bles av
fjøſen på Blokkeberg, det vart ſkador på taket til Erik-Larsgardfjøſen, og løa til Andersgarden (i Myri) bles ned [biletet]. Ho låg ſtrødd langt bortetter markerne til Blokkeberg. Det bles mange tre yver vegen meſt heilt frå Leirmoøygarden og upp. Straumen vart vekke i fire dagar, og faſttelefonen kom aldri att.
2 0 0 3 .
Leirdalsvegen.
Vegen upp i Leirdalen vart utvida, og i det brattaſte partiet vart det laga ny, litt flatare veg.
I ſamband med dette vart det ogſo laga til parkeringsplasſar frå huſi på Blokkeberg og heilt heim til Løken, ved at vegen vart utvida.
1 9 7 4 — 1 9 7 8 .
Leirdølaanlegget.
Naturøydeleggjing utan like.
Dei ſom vedtok at Tunsbergdalen ſkulle
raſeraſt greidde å øydeleggja trivſelen for ei heil bygd.
Fyrr kunne ein ganga lange fine turar frametter; noko ſom
no vart heilt uråd. Hadde ein til dømes
gjeſter på vitjing i gamle dagar, var det faſt regel at
ein tok dei med ſeg på ein fin ſpaſertur fram til vatnet.
Kanſkje rodde ein attpåtil fram til Vetlevatnet og fiſka.
Og ein kunne ganga fine turar etter den koſelege ſtien på bortſida av elvi, helt
frå ſtrengjabrui til Storhaug; han vart ogſo no totalt øydelagd.
Alt av gåing på nokonlunde flate ſtiar var no totalt vekke;
det ein hadde att var bratte ſtiar ſlik ſom til Nonhaug, Skaret og Holten.
Med utſikt til øydeleggjingarne.
Leirdalsvegen vart utvida i ſvingarne for å få upp
dei ſvære anleggsmaſkinerne,
og på Leirmoøygarden vart det etter kvart bygd ei ny brei bru. Men ho
vart av ein eller annan grunn aldri aſfaltert, ſo ho er ſom eit vaſkebrett
å køyra på. Og rekkverki ruſtar i kapp med gamlebrui.
Det vart ſett upp bru og bygd
anleggsveg på bortſida
av elvi, og oppſett brakkerigg på Fjellſtølen.
Damen var tydelegvis ikkje bygd ſterk nok, for dei måtte til
med kraftig forſterkning av han i 2016. Dei måtte ogſo fyrr den tid utvida tunnelen
til overlaupet, ſom var underdimenſjonert.
So — er damen no trygg?
For du veit, ſkulle det ſkje eit dambrot med fullt magaſin
vil flaumen i 1926 bli ſom ingen ting å rekna.
Leirdøla kraftverk.
Fyrſte driftsår: 1978.
Nedbørsfelt: 154 km².
Magaſinvolum: 173 millionar m³.
Vaſsſtand: 478/440 m. yver havet.
Effekt: 125 MW.
Normalprodukſjon: 522,4 GWh/år.
Full drift: 28.000 liter vatn i ſekundet.
Oppgradert kraftverk: år 2012.
Forſterka dam: år 2016.
Ny tranſformatorſtaſjon: år 2022.
1 9 6 3 .
Kommuneſamanſlåing.
Luſter, Hafslo og Joſtedal
[Joſtedalen fyre 1917] (etabl. 1837) vart ſlegne ſaman til ein kommune.
Dette var ſtikk i ſtrid med innbyggjarane ſitt ynſkje, og
det førte til at mange no fekk
mykje lenger veg til kommuneſenteret.
So kva var vitſen? Joſtedal kommune
hadde rettnok lågt folketal, men dei hadde
no greidd ſeg bra til denne tid likevel, og dei visſte jo at
dei vilde fenga framtidige kraftinntekter.
Dei tri kommunarne hadde hatt felles lækjarkontor i Marifjøra.
Innbyggjartal:
Joſtedal kommune: 796.
Hafslo kommune: 2384.
Luſter kommune: 2673.
Nye Luſter kommune hadde dermed i 1963 5853 innbyggjarar (i 2024 5371).
1 9 5 8 .
Straum.
Det vart lagt inn ſtraum hjå ſamtlege i Leirdalen, og 16de auguſt vart ſtraumen ſett på. Ogſo i Vigdalen og i heile Joſtedalen fekk dei ſtraum dette året. I Joſtedalen var det ſume ſom ogſo fyrr hadde hatt ſtraum; frå lokale ſmåkraftverk.
No vart kvardagen mykje enklare, for fyrr måtte dei fyra i omnen ogſo um ſumaren for at
fenga heitt vatn til
klesvaſk og oppvaſk, og varme til matlaging. Og ein fekk mykje betre ljos
at hjelpa ſeg med um kveldarne, og mange kjekke elektriſke hjelpemidlar, ſamt
frys og kjøleſkåp.
Og elektriſk ſaueſoks kunde no brukast, men det vart ikkje lagt inn ſtraum i fjøſen på
Blokkeberg, då der ſnart ſkulde byggjaſt ny.
So til deſs klyppte dei ſauerne i kjøken.
Men — no vart det jo voldſomt til ljos inne um kveldarne, med ein kraftig lampe midt uppi taket; inkje likte alle det ſo godt.
Det var meſt ſo det vart ukoſeleg.
1 9 5 8 .
Leirdalsvegen.
„Bergens Tidende“s utſende medarbeidar ſkreiv
i 1926 um Leirdalsvegen: „Det er
en brat daarlig vei, ſom langt oppe i den endnu brattere li fører opover parallelt med elven.“
Det vart no bygd ny veg, og han ſtod ferdig i 1963.
Frå krysſet i Andersgarden og ut til Blokkeberg vart det bygd ny veg i 1971.
I 1974 vart Leirdalsvegen utvida i ſvingarne, og i 19[79] vart han aſfaltert.
Anleggsvegen vart aſfaltert i 1986.
I 1993 vart det uppſett ein del autovern.
Nedre del av Leirdalsvegen vart bygd alt for bratt,
og den aller verſte delen vart erſtatta av ny veg i 2003.
Men fortſatt er det ofte problematiſk å vinna ſeg opp
att vinterstid utan firehjulstrekk.
Og mange ſit med hjarta i halſen når dei ſniglar
ſeg nedover på glatta.
Av ſysſelſettingsproſjekt ſom er tenkt ſett i gang i Luſter i vinter kan nemnaſt Engjadalsvegen i Gaupne. Elles er det nå i gang arbeid på Leirdalsvegen med 6-7 mann. Om ein kjem til å halda fram med arbeidet på denne vegen utover vinteren er uvisſt, det avheng m. a. arbeidstilhøva.
Sogningen.
På ſtyggaſte partiet av Leirdalsvegen ſkal det no koma rekkverk, las ordførar Anders Bjørk melding om i ſiſte kommuneſtyremøtet i Luſter.
Sogns Avis.
Vegen er litt over tri kilometer lang.
Å ganga ned til Leirmoøygarden tek omlag tri kvarter (frå Blokkeberg).
⮞
Kjem ikkje heim utan firehjulstrekk.
Inkje mykje til ſtøypekant her; og det er omlag 100 meter rett ned i elvedjuvet.
Her var det alltid beſt å ſkunda ſeg forbi.
1 9 3 0 .
Leirmoøygarden.
Jarnbrui på Leirmoøygarden vart bygd. Det var ei ſtålfagverksbru med ſpennvidde på 37 meter og 2,8 meter køyrebreidde.
På biletet ſer me arbeidslaget ſom bygde brui. Dei gjorde eit framifrå arbeid. Tak deg ein tur under brui og ſtuder fundamentet. Slikt flott ſteinarbeid er det ingen ſom får til i dag, ſame kor mykje maſkiner og dingeldangel dei måtte hava.
L a u r d a g 1 4 d e a u g u ſ t 1 9 2 6 .
Storflaum.
Denne dagen var det ein ofſeleg flaum frå Brimkjedlen. Tvo av kvernhuſi, millom anna Pergarden ſitt, ſom ſtod frampå ſtølen, vart tekne av dei ovſtore vaſsmengderne. På Blokkeberg mysſte dei ein nyſlakta gris ſom ſtod i ſaltekar i det eine kvernhuſet. Sameleis gjekk det med fire ſlipeſteinar, og brui ſom ſtod rett nedanfyr gjerde til Hauglund reiſte.
Det vart vekke ein del jord og ſkog, og øydelagt mykje turrhøy i Tunsbergdalen. Frammi der gjekk det ogſo mange beiſt på beite, (70—80 nautabeiſt og 50 heſtar) men dei redda ſeg alle ſom ein.
Den flaumſikre ſteinkvelvingsbrui på Leirmoøygarden
gjekk med. Rett etterpå ſkifta elvi løp og byrja
renna beint frametter mot Alsmo. Og
ſo etter ei ſtund laga ho nytt løp mot den andre kanten,
og byrja ſaman med Joſtedalselvi
å laga demning til heile Alsmo ſtod under vatn.
Leirmo fekk øydelagt mykje dyrkamark, og eindel ſkog.
På Leirmoøygarden var det tvo dagar etter flaumen ferdig
ei naudbru, og tvo dagar etter det byrja dei å ſetja upp
ei proviſoriſk timmerbru. Ho vart laga ſopaſs
ſolid at ho ſkulde kunna brukaſt nokre år.
1 9 2 6 .
[Syrgjeleg ulukka paa burtſida av Leirmoøygarden.]
Grenſa for Luſter gaar umtrent 10 km. fraa Gaupne
uppyver dalen, daa fyrſt byrjar Joſtedal ſom ſtrekkjer ſeg
ca. 30—40 km. lenger inn millom dei himmelhøge fjelli,
eit av dei villaſte dalføre paa Veſtlannet, og her gjeng ei
av dei meſt nerveſkakande og ſtorfelte bilrutor me hev her veſtpaa.
Gjennom Joſtedalen er det ogſo tanken
at ſamferdſla millom Sogn og Gudbradsdalen ſkal gaa
ein gong i framtidi naar ein ny gullalder hev gjort
folk vyrdlauſe nok med pengane, enten veg eller helſt
jarnbana. Jarnbane kommiſjonen var her for nokre aar
ſidan og ſaag paa „lokalitetene” og heldt
daa paa aa lida ei uferd med di ei av dei mange gamle
bruene datt ned undet bilen, til all lukka hadde bilen
ſo god fart at han kom ſeg yver paa andre ſida. No ſkulde
dei vore her att og ſett korleis elv og flaum kann herja her.
Det var ogſo her at ei gjenta gjekk ſeg utfyre
fjellet og ſlo ſeg ihel for umlag 14
Stedet hvor piken ſtyrtet ned er betegnet med et kryſs, den ødelagte bro over Leirdøla med to kryſs.
dagar ſidan. Gjenta
tente hja Preſtegaard i Gaupne og ſkulde gaa med mat
til ſlaattefolki paa eit utlæge. Ho hadde gjenge
vegen
fleire gonger fyrr, og vegen var bra etter Veſtandsforhold,
ho fylde elvi meſt heilt fram.
Men denne gongen tok ho ſeg upp paa fjellet
og kom fram paa fjellkanten 3—400
m. uppyver
ſlaatteplasſen, og ned til denne var det berre ville
ufſer, ikkje geiteveg eingong. Men gjenta var uppvakſi
paa ein fjellgard, og daa lende nedetter vart verre
og verre, brette ho upp ſkjørti ſo ho kunde kliva
ſom ein kar, ſnart maatte ho kaſta fraa
ſeg
matkorgi, hadde nok med aa klara ſeg utan.
I køyrevegen paa hi ſida av elvi ſtod tri
kvinnfolk ſom ſkulde ned til Gaupne aa handla,
men dei vart ſo rædde daa dei ſaag hi kom klivande
at dei la paa ſprang heimatt. No er det ingen ſom
veit korleis det vidare gjekk fyrr dei fann henne i
urdi nedunder drepi. Ho hadde ei ſver grastorva
i handi ſo det er rimeleg at taket hev ſlept og
ho hev ruſa utfyr. Men ho maa ha vore meſt nede
daa taket glapp, for ho var ikkje ſumdſlegi, hadde
berre fenge eit fælt ſlag. Men kva ho ſkulde
den vegen naar ho var kjend med rette vegen
er uſkynleleg. Folk i Gaupne er fataliſtar:
„Da va ſo laga at ho ſkulde drepa ſeg
dan dagen”, ſegjer dei.
Gunnar Drægni.
Tidens Tegn, fredag 3. ſeptember 1926.
1 9 1 6 .
Buſsrute.
Det vart ſett upp buſsrute millom Sogndal og Joſtedalen. Ruta gjekk 3 – 4 gonger i veka i ſumarhalvåret.
Bilen var
ein Chandler med ſju ſitjeplasſar.
Fartsgrenſa var 30 km/t.
M a a n d a g 3 . f e b r u a r 1 9 1 3 .
Fraa Indre Hafslo.
I Marifjøra hev i vinter vore drive ein ſyſkule av Brita Leirdal. Skulen hev vore ſøkt av 12 gjentor. Siſte ſundagskveld hadde dei ſlutningsfeſt der ſlegt og vener var gjeſter. Alt arbeid vart framſynt i ſkuleromet, og dei 80 innbodne gjekk umkring og ſaag paa arbeidet. Alle var ſamde um at
her var eit gildt arbeid utført ſo vel
med kjoleſaum, linſaum ſom mange andre finare ting.
Det kom greidt fram at her var viſt ſtor dugleik av lærarinna
likſom ogſo læregjentorne hadde brukt flid.
Det er ovgildt aa vita at me hev ſo dugande folk her i Indre
Sogn ogſo, og eg vil med visſa ſeia at det ſom vert ofra av tid og
pengar til ein ſlik ſkule, er vel fare.
Feſten byrja kl. 6 um kvelden og vart opna av lærar Øvrebø ſom
bar fram ei takk og ei gaava fraa ſkulegjentorne til Brita Leirdal. Um kvelden
vart ſkifta med talar og ſang. Trond Feet bar fram ei takk fraa lærarinna
for den gilde gaava ho fekk; mange andre var ogſo uppe og tala. Feſten ſlutta
kl. 11. Eg vil faa lov aa ſeia takk for den gilde
framſyning av arbeidet og for feſtſtundi.
Deltakar.
Sogns Tidende.
1 9 0 7 .
Nybygg.
Det vart bygd ny kyrkje og ny bru i Gaupne. Gamlebrui ſtod rundt femti meter framanfor; ho hadde fenge ſtore ſkader av elveiſen.
1 9 0 6 .
Leirmoøygarden.
Kvelvingsbrui på Leirmoøygarden vart bygd. Ho ſtod rett uppanfor fagverksbrui; det er enno lett å ſjå reſtarne etter fundamentet på heimſida.
Brui ſtod berre i 20 år. I 1926 reiſte ho
i den ovſelege flaumen frå Brimkjelen.
«Leirdøla bro i Lyſter (i veien til Joſtedal) 1906.
Sporvidde: 16,0m. Fil: 4,8m. Kjørebredde: 2,6m.»
1 7 . j u l i 1 8 7 5 .
Ulykke.
Den 17de ds. indtraf den ſørgelige Begivenhed, at 8 Menneſker druknede paa Reiſe fra Solvorn til Marifjæren i Hafslo. Da Veiret den omhandlende Dag var ſtille, maa Aarſagen til Ulykken have været den,
at Baaden var overlaſtet; der var nemlig 8 Mand paa en ganſke liden Færingsbaad. Blandt de Forulykkede var der 4 Gaardbrugere, deriblandt 2 af Bygdens bedſte Mænd, 2 Husmend og 2 Ungkarle. Paa Baadhvelvet fandtes den følgende Dag 2 Perſoner hængende faſt efter Baadfæſtet, men døde; de øvrige Perſoner vare endnu den 18de ikke gjenfundne. De forulykkede
havde den 17de været i Solvorn paa Diſtriktsmøde, men ſkjønt der paa denne Dag, ſom desværre almindeligt ved ſlige Sammenkomſter, en hel Del vare beruſede, ſkal dog ikke dette have været Tilfældet med de Druknede, ialfald ikke i nogen merkbar Grad, og Ulykken maa ſaaledes alene tilſkrives den Omſtændighed, at Baaden var overlaſtet.
Dagens Nyheder.
Tirsdag den 27de Juli 1875.
1 8 5 8 .
Eimſkip.
Det vart ſett inn eimſkip for frakt av pasſaſjerar og gods i faſt rute millom Marifjøra og Bergen. Når der var is på fjorden, gjekk båten ſo langt han kom, og ſo fekk pasſaſjerarne ganga på
iſen
reſten av vegen, eller dei vart ſette av på næraſte isfrie ſtoppeſtad.
Seinare gjekk eimſkipet ogſo til Skjolden, men der var det
ikkje kai i byrjingi, ſo dei måtte
nytta robåtar for å koma ſeg ut til ſkipet.
1 8 3 8 .
Luſter kommune.
Luſter kommune vart ſkipa.
Kommunen hadde tri offentlege vegjer: Røneid — Joſtedal grenſe, Eide — Optun og Kvåle — Næs.
1 6 0 0 .
Norìg.
På eitt eller anna tidspunkt ſkjedde det ei
voldſom endring av landet vårt. Fyrr var her knapt
fjordar, og Stavanger låg langt inne i landet.
Sognefjorden ekſiſterte ikkje, der var berre ein ſtor
innſjø yver det ſom no er [gamle] Sogndal kommune.
Me ſer at det ſtemmer godt: fjelltopparne her er
lågare enn dei rundt; d'er 'kje ſnø på deim på biletet.
Truleg ſkjedde det ein eller fleire enorme
elektriſke utladningar
utanfor kyſten ſom ſprengde upp
heile landſkapet. Sjå på fjordarne og ſamanlikna
dei med korleis lynet lagar far der det hev ſlege ned i ei myr.
Sjå på Sognefjorden med tilhøyrande
dalfører — ſer det ikkje verkeleg ut ſom eit
enormt lynnedſlag? Og djupni er ogſo merkeleg: ved
utgangen knapt 100 meter, medan lenger inne yver
1500 meter til grunnfjellet på det djupaſte!
Dette kortet er datert 1636.
Men kva år ſkjedde det? På eit kort frå 1636 hev dei byrja endra landſkapet til dagens; i Stavanger-området. So då ſkulde ein tru at landſkapet hadde endra ſeg ikkje ſo lenge fyrr, eller at det ikkje hadde funneſt folk her til å regiſtrera det på lange tidor. For truleg var det ikkje mange ſom yverlevde ein ſlik kataſtrofe. Kanſkje var det ogſo difor det gamalnorſke ſkriftſpråket brått gjekk ut or bruk?
Trekyrkjorne kunde dei flytta rundt; verre var det med ſteinkyrkjorne. So kor gamal er t. d. Dale kyrkje? Dei ſegjer at ho er frå 1306 eller fyrr den
Biletet her viſer ei treplate påført ei leiande væſke ſom deretter vart utſett for 2000 volt. Og nøyaktig ſlik ſer fjordarne og dalføri på Veſtlandet ut.
Sognefjorden.
tid, men dei veit jo ikkje, og det er ſo mykje ſom ikkje er ſant av det ſom blir fortalt. Ho er uanſett bygd etter at Sognefjorden vart til, naturleg nok, og er nok pålangtnær ſo gamal ſom dei vil ha det til. Og vilde det ikkje vore naturleg at dei hogg inn årstalet kyrkja ſtod ferdig einkvar ſtad? Det var no forøvreg ogſo ei uvanleg ſtaſleg kyrkje for ſlikt eit fattegſleg lite ſamfunn.
Som me ſér på korti er ſtorparten av landet rimeleg flatt, og her er laga mange kanalar. T. d. hev me ein kanal heilt frå Oslo til rett nord for Sogneſjøen. So det er tydeleg at dei ferdaſt mykje med båt ogſo innomlands. Det ſame i Sveariket.
Dette kortet er datert 1595.
Dette kortet er datert 1607.
Dette kortet er datert 1570.
Frisland.
Og kvar vart det av Frisland? Som var ei ſtor øy (like ſtor ſom Irland) ſud for Island med ſju til elleve byar og mange tettſtader. Ho og mange andre mindre øyar lenger ſud gjekk nok under ſamſtundes ſom Norìg upplevde ſitt ragnarok.
9550 år fyre vår tidsrekning.
Ragnarok.
Det ſkjedde ein verdensomſpennande kataſtrofe
ved at jordſkorpa vreid ſeg og ſkipla koninenti og
produſerte ekſtreme flodbylgjor og kolosſale vindar.
Og jordſkjelv og vulkanutbrot ſo voldſomme
at det er uråd å foreſtilla ſeg. Meſt alt liv
vart utradert. Kanſkje tok alt dette berre ein times tid.
Dette ſkjer med jamne millomrom, og
me er i våre dagar tett innpå eit nytt ragnarok.
Kvar gong tek dei enorme flodbylgjorne med ſeg jord
og ſtein og ruſk og raſk ſlik at dei er ſom ein tjukk
graut, og etterlet ſeg meir eller mindre
tjukke lag.
Biletet her er frå Amerika og viſer dette tydeleg.
Steinarne (og evt. gull og andre tunge metall) hev lagt ſeg til ro fyrſt,
og ſo hev jordlaget ſakte ſige
på plaſs etter kvart ſom vatnet roa ſeg og vart vekke.
Det ein trur ſkjer er at laget den tunne jordſkorpa
vår ligg på er nokonlunde faſt
ved normal jordmagnetiſme, men ved
reduſert magnetiſme blir det flytande og dermed byrjar
me å ſkreia rundt i meir og meir voldſom
fart. Med ekſtreme fartsvindar og vatnet i havi ſom
fosſar inn yver land i fleire hundre meter høge bylgjor.
Kontinenti blir presſa ſo
hardt mot kvarandre at dei dannar nye fjellkjedor: desſe kunde gjerne
fyrr liggja på havſens botn; flodbylgjor ſo ſvære
at dei kann ganga tvert yver heile USA; jordſkorpa ſprikk
upp ſo ein ſer rett ned i raudglødande lava;
vindar ſo voldſomme at dei fær orkanar
til å ſveipa mild bris.
Det vil taka mange år fyrr ein ſer att Soli, og meſt
alt vatn vil bli ureina av dei enorme vulkanutbroti. Ikkje mange
yverlever, og meſteparten av desſe vil ſvelta i hel.
Ein er i prakſis attende på ſteinaldernivå.
Dette ſér ut til å ſkje gong på gong med rundt tolv tuſund års millomrom.
Um ein befinn ſeg på ein "trygg" fjelltopp vil ein berre blåſa ned. So beſte plasſen vil vera ein godt ſkjerma ſtad på auſtſida av eit fjell, ſo høgt uppe ſom råd. Og ſjølvſagt ſo langt frå kyſten ſom råd.
1858: Dette er utſnitt frå eit bilete teke av Knud Knudſen i Skjolden år 1890.