Framsida
Motor
GEAROLJE
Riksmål English


Kontroll av nivå

                                                   


MANUELL

  1. Bilen må vera parkert på flatt underlag, og motoren må vera kald.
  2. Dra oppor peilepinnen (under reservehjuli) og turk av honum med eit papir.
  3. Set honum varsamt i att (bruk lykt) og vent litt.
  4. Dra honum oppor att, og les av oljenivået. Det skal vera millom dei tvo målestreki.
  5. Er det for lite fyller du på litt, er det for mykje tappar du ut litt.                                                                                                        


Kontroller oljenivået tri-fire gonger i året.


Oljeskift

Tips: Kanskje vil synkroniseringen vara ein god del lenger på 4-stegs gearkasse, dersom du brukar olje berekna på C-matic.

Hårete botnpluggar.


MANUELL

  1. Med varm motor: tapp ut oljen.
  2. Fjern metallspon frå botnpluggane, reingjer og set deim i att med nye koparstoppskiver.
  3. Bruk ei trakt og fyll på ny olje.
  4. Vent 10 minuttar, skift gear 10-12 gonger, og kontroller nivået.                             

Det er enklast å fylla på olje der ryggeljosbrytaren sit. Hugs å reingjera godt fyrr du skrur honum ut.

Gearolje MANUELL 4 GEAR MANUELL 5 GEAR
Type • SAE 80 EP
• TOTAL TRANSMISSION 75W/80W
• TOTAL EP 80
• TOTAL TRANSMISSION 75W/80W
Mengd 1,6 liter 1,75 liter
Skildnad min/maks på peilepinnen 0,15 liter 0,15 liter
Tal botnpluggar 2 2
Stramming botnpluggar 4 mdaN (40 Nm) 4 mdaN (40 Nm)



Opp Valid XHTML 1.0 Transitional