Framsida
Motor
GEAROLJE
Riksmål English


Kontroll av nivå

                                                   


AUTOMAT

  1. Bilen må vera parkert på flatt underlag.
  2. Motoren må gå på tomgang (800 o/min), handbremsene må vera på og gearspaken må stå på P.
  3. Dra oppor peilepinnen og turk av honum med eit papir.
  4. Set han varsamt i att og vent litt.
  5. Dra honum oppor att, og les av oljenivået. Det skal vera millom dei tvo målestreki med kald motor. Med heit motor kann nivået vera litt yver det yvste streket.
  6. Er det for lite fyller du på litt, er det for mykje tappar du ut litt.                                                                                                        


Kontrollera oljenivået 5-6 gonger i året.


Oljeskift

                                                   


AUTOMAT

  1. Med heit motor; tapp ut oljen (ca 2,5 liter).
  2. Fjern metallspon frå botnpluggane, reingjer og set deim i att med nye koparstoppskiver.
  3. Vent til motoren er kald, start og lat honum gå på tomgang (800 o/min). Handbremsene må vera på og gearspaken må stå på P.
  4. Bruk ei trakt og fyll på 2 liter ny olje.
  5. Kontroller nivået: det skal vera millom dei tvo målestreki.

Gearolje AUTOMAT ZF 3HP 22
Type • TOTAL Dextron D20-356
Mengd 6,5 liter (oljeskift 2,5 liter)
Skildnad min/maks på peilepinnen 0,5 liter
Tal botnpluggar 2
Stramming botnpluggar 4 mdaN (40 Nm)



Opp Valid XHTML 1.0 Transitional