Framsida
Bremser
FRAMME
Riksmål English

Varseltrekant

Bremseskiver

Med avteki bremseskive.

Skifting av bremseskiver framme

Båe bremseskivene må skiftast dersom

  • ei av deim er tunnare enn 18mm.
  • ei av deim er tunnare enn 9mm frå den tunnaste sida til midten.
  • ei av deim hev mykje rust på ei av sidene. (Rust skuldast at du brukar bremsene for forsiktig, eller at det er ein feil på deim.)
  • du hev fenge kast i ei av deim.

Demontering

  1. Reingjer godt.
  2. Ta ut låsepinnen (5) (klem inn 4) og 4.
  3. Ta ut bremseklossane (2x3).
  4. Løys dei tvo boltane til handbremsi og juster utyver so langt som det går.
  5. Skru ut 4x13.
  6. Legg ned halvcaliperen (1).
  7. Ta utor bremseklossen til handbremsi.
  8. Skru ut 2x14 (dersom dei ikkje er vekke).
  9. Lirk av bremseskiva (2).
  10. Ta utor den andre bremseklossen til handbremsi.
  11. Reingjer og smỳr alle fire stempeli med litt LHM, turk av deim med eit papir og press deim (6) heilt inn (VERNEBRILLER!).

Montering

  1. Monter i omvendt rekkefylgje.
  2. Set i nye bremseklossar (ogso på handbremsene om naudsynt).
  3. Reingjer området der halvcaliperen skal på att og pass på at dei tvo gummipakningane er på plass (desse bør helst skiftast til nye).
  4. Dersom 2x14 er vekke (knekt av) må du skru fast bremseskiva med tri hjulboltar (slik at ho sit stødig på plass) når du skal justera handbremsi.
  5. Luft bremsene.


• 2x14 kann vera vanskeleg å få ut. Vanlegvis fær du løyst deim litt, men so er det stopp. Skru deim då heilt inn og ut att mange gonger; dei kjem litt lenger ut for kvar gong, og til slutt losnar dei.
Reingjer gjengene og ha på litt koparpasta fyrr du set deim i att.

• Um du ikkje fær laus bremseskiva, kann du gjera fylgjande:
Reingjer godt, set på att halvcaliperen og monter bremseklossane. Luft bremsene. Start og set bilen i fyrste gear slik at bremseskiva byrjar rotera. Brems hardt. No vil forhåpentlegvis skiva losna.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional Valid CSS!