Framsida
Fjøring
BAK
Riksmål English

Problem

Dårleg eller manglande fjøring bak.


Kontroll

Start bilen og lat honom vera i normalhøgd.
Fat hjørna på støyt­fangaren og lyft opp. Du skal no utan alt for store anstrengelsar kunna lyfta bakenden 15-25cm.
Gjer det same på den andre sida.
Er bilen stiv, må sannsynlegvis kulene skiftast. Men det kann ogso vera at svingarmane sine lager er dårlege eller øydelagde.


Oppjekking av svingarm.

Hev du ikkje filtertong med reim kann du prøva å bruka eit patentband. Bruk ei stor tong med avrunda kjeft til å halda att fjørbeinet.

Skifting av kuler bak

Kule bak
A: Feed pipe   B: Overflow return pipe   C: Venting pipe
  1. Heis bilen opp til yverste stilling, ta av skjermane og løys hjulmutterane på bakhjulene.
  2. Jekk opp bilen framme (og dermed ogso bak), set bukkar under bakre jekkfester, og ta av bakhjulene.
  3. Ta av bremseskjoldi (ver forsiktige med skruane: sit dei fast kann du varma deim opp og lat deim kjølna att fyrr du prøvar å skru deim ut).
  4. Pakk bremseskivene inn i plast.
  5. Reingjer SKIKKELEG i området rundt kulene (bruk skrape/kost/støvsugar/trykkluft; ikkje vatn).
  6. Bruk ei filtertong (med reim) og skru kulene opp nokre cm. [Du kann i staden slå eit lite hakk i kulene med hammar og meisel, setja meiselen i hakket og banka til kulene hev skrudd seg opp 1-2cm. MEN — hugs at kulene inneheld gass under trykk: sprikk dei kann det bli katastrofe!]
  7. Set høgdereguleringen på nedste stillingen (på CX2 må du fyrst skru på tenningen).
  8. Set jekken under svingarmane og jekk deim opp (dette kann ta litt tid). På denne måten får du vekk trykket. Fjern jekken.
  9. Lyft opp og ned på båe sider for å kontrollera om svingarmane sine lager er i orden (no kann vera eit gunstigt tidspunkt å etterfylla grease).
  10. Blås reint med trykkluft rundt den fremste plastrøyri (C) på kvar side og dra deim ut.
  11. Løys slangeklemmene og press kulene so langt framyver (med kubein) at det går an å ta deim ut. Stramm slangeklemmene att. Du kann ogso setja ei 8mm metallstong i holet berekna på dette, for å hindra at fjørbeinet skal vri seg rundt.
  12. Set under nokot som kann samla opp LHM og skru av kulene og lirk deim ut (du må kanskje pressa fjørbeinet litt framyver med kubein).
  13. Pensla alle yverflater i området rundt kulene med Owatrol (eller anna rustbehandling).
  14. Ta ut dei gamle pakningane, ha LHM på dei nye, og klem deim godt på plass (ikkje på kulene, men der kulene skal skruast på plass).
  15. Smỳr eit tunt lag med grease på kontaktflatene på kulene og eit tjukt lag på toppen (rundt knotten). Skru deim på plass (pass på at pakningarne blir verande der dei skal!!!). Stram so godt du klarar kun med hendene, ikkje bruk hjelpemiddel. Løys slangeklemmene.
  16. Start motoren og set høgdereguleringen på yverste stilling.
  17. Sjå etter at kulene hev kome seg heilt bak att (til dei støyter mot metall, pass på at knotten på toppen av kula hev kome midt i holet) og stram slangeklemmene.
  18. Set på plass att plastrøyrene (skal ca 1 cm nedi). Pass på at dei festar seg. Røyr B er returrøyri. Ho skal ha ein plastbite på enden. Er den vekke, sit han kanskje att oppi belgen. I sofall dreg du honom oppor med ein høveleg skrue. Røyr C er lufting (blås gjennom røyri med trykkluft fyrr du set henne i). Ho går inn i den grove røyri som heile bakvogni er festa til.
  19. Skru på att bremseskjoldi.
  20. Set på att bakhjulene og skjermane, fjern bukkane og etterfyll LHM. (Hugs å etterstramma hjulmutterane!)

NB! Hugs vernebriller!


Vanskeleg?

Ja. Det er trongt både å få ut dei gamle kulene, og å få dei nye på plass. Du må ogso passa på å vera serdeles reinsleg.

• Dersom du vil kann du ta ut alt, men det er minst like plundrete:

1  Reingjer godt.
2  Skru ut røyri (A).
3  Trekk ut dei tvo plastslangane (B, C).
4  Skru slangeklemma heilt opp og trekk henne ut.
5  Trekk ut låsepinnen medan du klemmer honom saman (han hev mothake).
6  Jekk svingarmen heilt opp (gjerne svingarmen på den andre sida, slik at jekken ikkje blir i vegen).
7  Bruk tvo dekkspakar, press kula so langt fram­yver som ho går, og bend henne deretter ut (svært trongt dersom det er den delbare kula).

8  Fest kula i ei tvinge og bruk ei stor røyrtong med bogen kjeft til å løysa fjørbeinet. Plasser tongi tett ved kula og løys med eit kraftig rykk.
  Kontroller at belgen er tett ved å halda ein finger framfor lufteholet og skyv honom inn og ut. Fyll 25ml LHM gjennom same holet. Ha gummifornyar på belgen.
  Metallstongi inni belgen skal vera heilt laus: dette er ikkje ein feil. Men – ho skal henga fast i metall­dingsen i enden av belgen: Klem belgen flat med tvo fingrar slik at du kjenner stongi og dra i metall­dingsen. Du kjenner då om stongi heng fast i denne.

Her ser me at stongi hev losna, avdi det ikkje hev vore LHM i belgen (rust).




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional