Framsida
Eksteriør
VINDAUGSVISKAR
Riksmål English


Vinterproblem

                                       


Vindaugsviskar

Fjern alltid all snøen frå ruta fyrr du byrjar køyra, slik at viskaren ikkje fær unaudig belastning (slik som på biletet uppanfyr). Er snøen kram, hev han lett for å pakka seg saman i nedkant av ruta, slik at viskaren byrjar slita. Då er det ikkje anna å gjera enn å stoppa og fjerna elendet. Det kann ogso lata seg gjera å taka ned sideruta og bruka ein kost med langt skaft el.l. til å draga snøen vekk med (pass på at du held bilen på rett kurs medan du driv med dette). Helst skulde du hatt eit 40cm langt treskaft med eit tverrstilt plastblad på enden (som ei krafse).


• Når du stoppar for å fjerna snø frå frontruta må du ogso hugsa å fjerna snø frå lyktene, grillen og friskluftinntaket. Og gjerne ogso frå baklyktene og skilti.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional