Attende
Motor
TANKING
Riksmål English

Pengar

• Det er vanlegvis rimelegast å fylla sundag kveld og måndag morgon, og onsdag kveld og torsdag morgon.

• Spør um stasjonen hev rabattordningar (t.d. NAF-rabatt).

• Dersom du passerer fleire bensinstasjonar i det tidsrommet bilen byrjar bli tyrst, kann du jo tanka på den som er rimelegast. Det kann du fort spara 20 - 50 kroner på. Og um du fyller tanken ein gong i veka, og på denne måten sparar 30 kroner kvar gong, er det ein årsbesparelse på kr. 1.560. (So kjøper du deg "ny" CX til kr. 15.000 kvart tiande år, hev du gratis bil;)

Fylling av drivstoff

  Du bør alltid nytta plast- eller vinylhanske når du fyller drivstoff. (Og her hev du ei umstendeleg rettleiding;)

  1. Stig ut og lås bilen.
  2. Finn ein hanske (heng på pumpene, dersom ikkje finn du ein frå lageret i bilen eller jakklommen).
  3. Lås upp tankloket og lat nyklane henga i det. (Um du ikkje hev sentrallås på tankloket.)
  4. Ta på hansken på høgre hand (eller vinstre um du tykkjer det er kjekkare;)
  5. Skru av loket og legg det på pumpa.
  6. Fyll BENSIN (ikkje diesel).
  7. Unngå å pusta inn bensindampen som kjem frå tanken.
  8. Unngå at nokon går inn eller ut av bilen medan du fyller bensin; det kann oppstå statisk elektrisitet med påfylgjande brann.
  9. Når tanken er full: ta pumpehandtaket nesten ut, lat tuten dropla godt frå seg (slik at du ikkje budlar bensin på lakken) og heng det deretter på plass.
  10. Skru på loket.
  11. Ta av hansken og kast honum på dertil eigna plass.
  12. Lås tankloket og legg nyklane i lommen.
  13. Merk deg nummeret på pumpa samt beløpet, og gakk deretter inn og betal. (Og avdi du køyrer CX må du naturlegvis vera roleg og høfleg, og kanskje bittelitt yverlegen;)

  Dersom du hev sentrallås på tankloket må du naturlegvis venta med å låsa bilen til du er ferdig med å tanka. Fær du problem med låsen til loket kjem du til honum frå bagasjerommet.


• Bensindamp er farleg: Unngå all form for eld, gneistar og statisk elektrisitet, samt bruk av mobiltelefon, når du fyller bensin.

• Du bør fylla upp att tanken so snart han er under halv, då hev du mindre risiko fyr å køyra bensinturt.

• Ha alltid eit par slike liggjande i bilen; då kann du på ein snøgg og effektiv måte tina låsen um han hev frose.
Hotspot Warmmate
Hot Spot, handvarmar for eingongsbruk, og WarmMate, som kann brukast upp att.




Opp Valid XHTML 1.0 Transitional