Framsida
Bakaksling
BAKHJULSLAGER
Riksmål English

Problem

Utslite hjullager bak.

Skifting av nav

  1. Ta av hjuli.
  2. Skru ut dei tvo skruane i bremseskiva.
  3. Ta av bremsecaliperen (forsiktig med bremserøyri).
  4. Ta av bremseskiva.
  5. Ha på rustløysar, og skru ut dei 8 skruane til navet. Pass på at du hev fenge unbrakoen 100% inni (bank honum på plass med ein tung hammar), og vri roleg til skruane losnar (gjernemed eit smell og gneistesprut!).
  6. Legg nokot mjukt under som navet kann landa på, og kakk det varsamt ut med ein hammar.
                                                                                                           

• Ha gjerne ei ny bremserøyr i bakhand.

• Skruane til navet sit kanskje svært godt fast. Du kann evt. varma deim upp, og bruka ei solid tong til å få deim laus med når dei hev kjølna att.

Set i tvo hjulboltar og bruk ei tind el.l. stukke ned i jordi for å halda bremseskiva fast når du skal skru ut skruane.


Smỳrjing/skifting av hjullager i navet

Skru fast navet på utsida av hjuli. Hjuli vil dermed fungera som eit "arbeidsbord".


• Navet er meget vanskeleg å opna, det er enklare å byta til eit anna som er OK.
• Det er ulike nav for berline og break, og derunder tvo typar; det eine for ABS (med tannhjul). På bilar utan ABS kann båe brukast.



Bak Break
Teikningen er lånt frå delelista til Citroën CX

Bakhjulsopphenget på Break. Dei raude delene, som bremseskiva og hjuli er festa til, er dei roterande delene. Den grøne delen er lageret.





Opp Valid XHTML 1.0 Transitional