Ha alltid tvo refleksband i ein lomme i alle ytterjakkarne dine. Fest alltid eitt rundt høgre fot når du er ute i myrkni og halvmyrkni. Og gjerne ogso rundt høgre handledd.
Å bruka refleksvest gjev falsk tryggleik. Han ser alt for mykje ut som eit trafikkskilt, og må difor aldri brukast åleine. Du må ALLTID ogso ha refleks på armar og føter, for dei beveger på seg.
Bruk alltid tvo, ei på kvar side. Pass på at dei blir hengande og dingla fritt.
Eit blinkande raudt ljos syner godt. Det er svært fornuftig å bruka i tillegg til refleksar um du gjeng etter ein veg med 80-sone. Og når du gjeng etter ein slik veg skal du normalt gå på vinstre sida. Men ikkje alltid. Bruk sunn fornuft.
• Kontroller at refleksarne dine er i orden ved å lysa på deim med ei lykt som du held tett attmed hovudet.
• Du er vanskeleg å sjå ogso der det er gateljos, so bruk refleks!